Cand.ed. Randi Myklebust Sølvik

Avhandlingens tittel er:

Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium.

Denne avhandlinga ligg innafor det spesialpedagogiske fagfeltet og har eit læringsorientert fokus. Det generelle formålet med undersøkinga er å auke kunnskapen om og forståinga av friluftsliv som sosialt læringslandskap, i lys av opplevingane til ungdom i sosial risiko. Undersøkinga er konkretisert ved hjelp av to spørsmålsstillingar: (i) Kva kjenneteiknar sosial læring i friluftsliv? (ii) Kva kjenneteiknar læringsressursane i friluftsliv? Studien er gjennomført som eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. Datainnsamlinga er basert på deltakande observasjon og intervju av 13 ungdommar frå to alternative ungdomsskular, gjennom eitt skuleår.

Resultata indikerer korleis sanseleg deltaking og samhandling ligg til grunn for ungdommane si sosiale læring i friluftsliv. Sosiale dugleikar og vurderingar blir gjenkjent, praktisert og utfordra i erfarande fellesskap, på tvers av alder. Både ungdommane sin kompetanse og manglande kompetanse blir synleggjort i dette fellesskapet, og legg grunnlaget for varierte læringsbanar og læringsopplevingar. Læringsressursane i friluftsliv er i datamaterialet framheva som både kroppslege og sosiale. Naturen opnar for aktiv deltaking og samhandling gjennom auka rørsle, sanselege konsekvensar og risiko, og kontrastfulle opplevingar. Relasjonar med medelevar og vaksne framstår tydelege, då friluftsliv kan gje tid og rom for sanseleg samhandling og gode samtalar på tvers av alder. Ei gjensidig påverking mellom ungdommane si deltaking og samhandling, og dei nemnte læringsressursane er framheva som sentralt i friluftsliv som sosialt læringslandskap.

Auka innsikt i læringsopplevingar og læringsressursar i friluftsliv kan bevisstgjere pedagogen i møte med ungdommane og bidra til tilpassing av læringssituasjonen. Forskingsresultata opnar samstundes for nokre overordna praktisk-pedagogiske poeng når det gjeld tilrettelegging for aktiv deltaking i reelle situasjonar, investering i relasjonen mellom pedagog og elev, og ivaretaking av det sosiale læringspotensialet innafor utilsikta former for læring. Forskingsarbeidet er gjennomført ved Institutt for Spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo.

 

Tilbake:

Publisert 2. okt. 2013 10:40