Sigrid Blömeke til minne

Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om at professor Sigrid Blömeke døydde 29. juli 2023, etter kort tids sjukdom.

Bilete av Sigrid Blömeke.

Professor Sigrid Blömeke med diplomet frå Det Norske Videnskaps-Akademi. Ho vart formelt innlemma i akademiet i 2021. Foto: Det Norske Videnskaps-Akademi/Thomas B. Eckhoff.

Sigrid Blömeke (1965-2023) byrja som senterleiar ved CEMO – Senter for pedagogiske målingar i 2014. Ho kom frå stillinga som professor og senterleiar for det tverrfaglege senteret for utdanningsforsking ved Humboldt-universitetet i Berlin.

Med doktorgrad i sosiologi, eit stort samfunnsengasjement og eit brennande hjarte for utdanningsfeltet har ho satt betydelege spor etter seg.

Som forskar og leiar ved CEMO hadde Sigrid store ambisjonar. Takka vere hennar innsats er CEMO no kjend som eit leiande senter for pedagogiske målingar langt utanfor landegrensene.

Forskaren Sigrid

Forskaren Sigrid arbeidde med bruksretta forsking om relasjonar mellom fagområde, kunnskap og yrkespraksis, og då spesielt knytt til å forstå kva som kjenneteiknar matematikklærarars dugleik.

Gjennom forskinga si fekk ho internasjonal merksemnd, anerkjenning og innverknad. Sigrid publiserte ei stor mengde artiklar i nokre av dei beste tidsskrifta på feltet, og ho skreiv saman med mange medforfattarar. Desse artiklane blei og blir framleis sitert av andre forskarar.

Sigrid leia, eller var med i fleire forskingsprosjekt både i Tyskland og Noreg. Ho var spesielt sentral i prosjektet TEDS-M, ei storskala internasjonal undersøking av matematikklærarars kompetanse. Dei siste åra la ho også ned ein stor innsats i å byggje opp interessa for å bruke dei unike registerdataa vi har tilgang til i Noreg for å studere relevante spørsmål i tverrsnittet mellom utdanningsvitskap, sosiologi og økonomi.

I 2019 mottok ho forskingsprisen frå Universitetet i Oslo. I 2021 vart ho tatt opp som medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi. Og i 2022 vart ho vald inn i International Academy of Education.

Ho sat i fleire utval oppnemd av Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. For sektoren som heilhet, vil vi løfte fram det arbeidet ho la i den såkalla «Eksamensgruppa», som detaljert skildra fleire sider ved eksamen i grunnskulen og i vidaregåande skule som bør granskast og reviderast. Gruppa kom med mange forslag som no vert følgt opp av andre.

Sigrid var óg med i fleire styrer til fagtidsskrift og organisasjonar, og ho var ein aktiv fagfellevurderar i fleire forskingsråd og tidsskrifter.

Leiaren Sigrid

Leiaren Sigrid hadde tydelege visjonar som vart omsett i konkrete og ambisiøse planar. Ho skjøna fort korleis ein best gjekk fram for å få den støtta og forankringa ein er avhengig av for å få gjennomslag for avgjerder av ulike slag i det norske akademia.

Sjølv om ein slik egalitær struktur kunne føre til at det tok litt lengre tid å få gjennomført ei avgjerd, var dette ei side ved det å arbeide i Noreg som Sigrid høgt verdsette.

Sigrid var opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø, og ho såg den einskilde og tok seg tid til alle. I den siste arbeidsmiljøundersøkinga på Universitetet i Oslo skåra CEMO særs høgt på spørsmål som handla om kor sett og anerkjende dei tilsette kjende seg av leiinga.

Sigrid hadde alltid tid til ein prat eller ein diskusjon, og ho var ein god lyttar. Døra til kontoret hennar var alltid opa, og ho møtte alltid sine kolleger med eit høgt «Hei!» Ho hadde evna til å få fram det beste i alle ho samarbeidde med.

Mennesket Sigrid

Mennesket Sigrid var raust, inkluderande og nysgjerrig. Ho var opptatt av å stille spørsmål og var alltid skeptisk til tydelege og bombastiske svar. Ho omfamna kompleksiteten, både i det faglege arbeidet og i livet elles.

Sigrid var glad i sport, og særleg i basketball og fotball. Ho sykla til jobben og rundt i Oslo og omegn. Ho elska å gå fot- og skiturar i Nordmarka, på Hedmarksvidda, eller i fjella nær hytta på Åmelfot på Sunnmøre. Sigrid var difor veldig nøgd når ho for nokre år sidan fekk kjøpt seg ein bustad rett ved marka.

Å rusle var ikkje noko for Sigrid! Om det var ein spasertur i ein by eller i marka, måtte vi som var med alltid gje på litt ekstra for å halde følgje. Men ho stoppa ofte opp fordi det var ein eller anna detalj i naturen eller bygningar som ho blei fascinert av, og som gav oss sjansen til å få att pusten.

Ho var også svært dyktig til å fange inn slike augeblikk og detaljar med kameraet. Vi finn difor ei slags trøst i at ho heilt til det siste var i så god fysisk form at ho kom seg ut for å nyte friluft og natur.

Sigrid og draumen

Sigrid leia arbeidet kring søknaden om å få eit senter for framifrå forsking (SFF) til Det utdanningsvitskaplege fakultet. Etter tre intense år med søknadsprosess vart det hausten 2022 klart at søknaden vart innvilga og CREATE – Senter for forsking på likhet i utdanning kunne bli ein realitet. Detalj etter detalj kom på plass utover vinteren og våren 2023, og Sigrid skulle inn i rolla som senterleiar dei fem første åra.

Diverre vart det ikkje slik. I vår vart ho alvorleg sjuk, og det gjekk berre få månader før ho gjekk bort, 57 år gamal. Vi som sit att har difor eit stort ansvar for å sørgje for at senteret lever opp til dei ambisjonane og planane som Sigrid hadde for det. 

Eit stort tomrom

CEMO, og heile det utdanningsvitskaplege miljøet, har mista ei klår og tydeleg stemme med Sigrid sin bortgang. 

Kjære Sigrid. Takk for tida vi fekk med deg. Vi vil aldri gløyme deg. Kvil i fred.

 

Ei siste helsing frå alle ved CEMO

 

 

Publisert 30. aug. 2023 10:22 - Sist endra 9. apr. 2024 15:19