– Vi har ikkje råd til at nokre barn blir liggande bak andre

I august vert landets første framifrå forskingssenter for utdanningsvitskap etablert. Senter for forsking på likheit i utdanning (CREATE) skal sørgje for at færrast mogleg barn vert liggande bak.

Gut som rekker opp handa i klasserom. Foto

Korleis utdannar vi for demokrati? – Å kunne medverke i demokratiske prosessar krev djupe kunnskapar og forståing om korleis eit samfunn fungerer, understreker CREATES første leiarduo. Foto: Shane Colvin / UiO

Vi spurte senterets første leiarduo, professorane Sigrid Blömeke og Arne Lervåg, om kvifor Norge og verda treng eit Senter for framifrå forsking som CREATE, eit såkalla SFF.

– Vi ønskjer oss at alle barn får moglegheit til å utvikle sitt potensial og å kunne bidra til samfunnet. I vårt moderne samfunn har vi ikkje råd til at nokre barn ligger bak, seier Sigrid Blömeke, som vert senterleiar dei første fem åra.

Makkaren hennar, Arne Lervåg, legg til at Norge slit med nett dei same utfordringane som andre land.

– Arbeidsmarknaden er meir utfordrande enn nokon gong fordi elevane må lære seg ganske komplekse evner. Og det å kunne medverke i demokratiske prosessar krev djupe kunnskapar og forståing om korleis eit samfunn fungerer, seier han.

Visjonen: mindre urettvis ulikheit

Kort sagt, skal CREATE Senter for likheit i utdanning bidra til å oppnå at flest mogleg barn får evna til å kunne delta i samfunnet ved å generere kunnskap om korleis ulikheit oppstår og kva vi kan gjere med dei. Senteret får stabil finansiering frå Forskingsrådet over ti år, noko som gjer det mogleg å utvikle og gjennomføre langsiktige prosjekt som langvarige studiar. Dei to leiarane er takksame for universitetets SFF-ordning som tillèt dette.

Lat oss hoppe inn i framtida: Kva håpar dei at senteret skal ha bidratt til om fem, ti og tjue år?

– Om fem år skal vi ha fått til genuint tverrfagleg forsking på ulikheitar i utdanning som tar omsyn til dei komplekse årsakene. Det finst allereie forsking på ulikheit på forskjellige områder, men den forskinga har ikkje blitt integrert, samla saman og sett under eitt, fortel Blömeke.

Det store biletet, der ein også ser konturane av årsaker og effektar, er difor fragmentert i dag. CREATEs tverrfaglege tilnærming – senteret samlar skuleforskarar, spesialpedagogar, psykologar, sosiologar, genetikarar og forskarar frå målingsfeltet – vil etter kvart gje ei heilskapleg forståing for kva som bidrar til ulikheitar i utdanning slik at vi som samfunn kan gjere noko med dei.

– Om ti år skal vi være i stand til både å forstå meir om kva som skaper ulikheit i utdanning og om kva intervensjonar som kan vere hjelpsame for kva typar ulikheitar, på kva område og til kva nytte, legg Lervåg til.

Banner demokratiserie. Illustrasjon
Utdanning for demokrati er eit høgaktuelt tema. Men kva strukturar skal til for å lykkast? Det er blant spørsmåla CREATE Senter for likheit i utdanning håpar å kunne svare på om nokre år. Intervjuet er ein del av UV-fakultetets temaserie om demokrati (Illustrasjon: Shane Colvin/UiO).

– Men, innvender Blömeke, – vi skal også være realistiske og estimere kor langt utdanning eigentleg kan kome med å redusere ulikheit. Nett difor er eit heilskapleg bilete så viktig å skaffe seg. Utdanning kan ikkje endre på alt så lenge det finst systematiske sosiale forskjellar i til dømes oppvekstvilkår heime.

– Om tjue år håpar vi på at resultata våre er tatt i bruk i mange land med hensikt å redusere ulikheit utdanning i så stor grad som mogleg, seier Lervåg.

CREATEs demokratiske potensial

Hovudmålet til forskingssenteret er altså å bidra til demokratisering.

– Like rettar og like moglegheiter for alle er nøkkelverdiar i eit demokratisk samfunn. Der er vi ikkje i dag, ikkje ein gong her i Norge, noko tal på forskjellar i prestasjon mellom barn med ulik sosioøkonomisk bakgrunn, kjønn eller språk viser. Utdanning har eit delansvar for å gjere noko med desse ulikheitane, meiner Blömeke.

Arne Lervåg. Foto
Arne Lervåg, professor ved Institutt for pedagogikk, gler seg til å ta fatt på arbeidet med å finne ut korleis vi kan redusere ulikheit i utdanning. Foto: Shane Colvin / UiO

Lervåg legg til at dette er viktig både i eit demokratisk samfunnsperspektiv og i eit individuelt perspektiv.

– Eit barn kan ikkje påverke kva familie det er fødd inn i. At nokre barn er i ein sårbar situasjon på grunn av bakgrunn, er heilt opplagt ikkje rettferdig og krev tiltak.

Men korleis tenkjer senterleiarane at forskarane skal gå laus på den store oppgåva som det blir å fylle kunnskapshola dei ser?

– For det første skal vi identifisere barrierar som hindrar likheit i utdanninga, til dømes ved å identifisere potensielle årsaker til at ulikheit oppstår. For det andre søker vi å finne måtar vi kan endre eller avhjelpe barrierane på. Det kan vi gjere ved å identifisere mekanismar som kan føre til endring samt teste ut intervensjonar vi ser kan hindre ulikheit, seier han, og understrekar eigenarten til CREATE:

– Å integrere desse to områda, vil kunne gjere oss i stand til å fastslå korleis ein kan promotere likheit i utdanninga.

Meir enn multifagleg

Forskingssenteret med sine 60 tilsette startar opp rett etter sommaren, men lokala i Kristine Bonnevies hus på Blindern er ikkje ferdige før i januar, så det blir ein tøff start. Kva andre barnesjukdomar ventar dei to senterleiarane seg?

– Vi må også vere budde på å handtere ulike arbeidskulturar frå dei forskjellige institutta forskarane i CREATE kjem frå, det vil seie alle einheitene ved Det utdanningsvitskaplege fakultet og fleire eksterne. Då er det viktig å ha nok tid til å møtest og til å diskutere våre ulike perspektiv. Alle i senteret er veldig opensinna, så eg trur vi skal klare å unngå fagleg rivalisering, seier Blömeke.

– Og så skal vi heilt frå starten av arbeide felles med forskingsprosjekt og skrive artiklar saman. Ein kan ikkje utvikle tverrfaglegheit utan å arbeide med konkrete problemstillingar saman.

Senteret samlar forskarar frå fem forskjellige fagdisiplinar og fem forskjellige metodologiske disiplinar. Kor mykje erfaring har dei involverte med tverrfagleg arbeid frå før?

– Utdanningsvitskap er jo tverrfagleg i seg sjølv – eller i det minste multifagleg. Vi er derfor ganske godt vant med å samarbeide på tvers. Men CREATE er nok ekstraordinært fordi senteret samlar eit mykje breiare spekter frå skuleforsking, spesialpedagogikk, psykologi, sosiologi, genetikk og til målingsfeltet.

Eit løft for utdanningsvitskapen

Sjølv om CREATE-forskarane allereie forskar på eit viktig område, nemleg barnas framtid og korleis dei kan utvikle seg på best mogleg måte under skuleløpet, så er ikkje utdanningsforsking det mest anerkjente forskingsfeltet. Helseforsking og naturvitskapleg forsking har ei høgare stjerne, om ein les aviser eller ser på finansieringslista til Forskingsrådet.

At utdanningsvitskap no får sitt første senter for framifrå forsking her i landet, betyr difor svært mykje, trur Blömeke og Lervåg.

– Både for utdanningsvitskapen, heile forskingssamfunnet elles, og ikkje minst barna og familiane som vonleg får nye moglegheiter til deltaking om nokre år, seier Sigrid Blömeke.

Rita Hvistendahl og Sigrid Blömeke. Foto
– Dette er ein jubeldag for utdanningsvitskapen og ei klår verdsetting kor viktig utdanning er for barn og unge i Norge og verda, sa Rita Hvistendahl (t.v.), dekan ved Det utdanningsvitskapelege fakultet, då tildelinga blei kjend i fjor. Her saman med Sigrid Blömeke. Foto: Monica Bjermeland / UiO

Sigrid Blömeke utviklar målingar som stadfester læraranes og elevanes kompetanse, særleg på matematikkfeltet, og brukar store datasett og avanserte metodar for å få pålitelege, robuste resultat. Ho bygde opp CEMO Senter for pedagogiske målingar, der ho blei senterleiar i 2014. CEMO utdannar svært ettertrakta målingsekspertar.

Arne Lervåg forskar i hovudsak på utvikling av språk- og leseevner, men har dei seinare åra også fokusert på utvikling av matematikkferdigheitar. Han har også ei sterk interesse for kvantitative metodar og brukar avansert metodikk både for å forstå korleis utvikling skjer og i kva grad det går an å endre på utviklinga av ferdigheitene han interesserer seg for.  

Emneord: senter for fremragende forskning, CREATE, likhet, ulikhet, utdanning Av Monica Bjermeland og Gunnhild Nedberg Grønlid
Publisert 18. apr. 2023 16:10 - Sist endret 25. jan. 2024 09:06