Master Caroline Cruaud

Title of dissertation:

The Playful Frame. Design and use of a gamified application for foreign language learning.

Denne artikkelbaserte avhandlinga tek føre seg bruken av spelifisering («gamification») til å engasjere elevar i framandspråkopplæring og kva potensial og utfordringar dette inneber. Omgrepet spelifisering vert nytta om det å skape ei leiken ramme rundt klasseromskonteksten. Gjennom element av leik og spelorienterte strukturar kan ein skape rom for leik i opplæringsaktivitetar. Denne avhandlinga ser på heile prosessen bak introduksjon av spelorientert læring: frå utviklinga av ein app til korleis lærarar og elevar ved ein vidaregåande skule i Noreg tok i bruk appen. Studien nyttar ein designbasert forskingsmodell i ei leikbasert tilnærming til spelifisering for å undersøkje kva erfaringar lærarane og elevane hadde med å bruke ein spelifisert app i framandspråkopplæringa i klasseromskonteksten. Det vart samla inn empiriske data gjennom ein eitt år lang observasjonsstudie av ei klasse med fransk som framandspråk. Avhandlinga nyttar tre empiriske studiar for å fokusere på ulike aspekt ved dei overordna forskingsspørsmåla og få fram ulike typar data. Gjennom tematisk analyse av intervjudata og dataloggen, og interaksjonsanalyse av sekvensar med videodata, undersøkjer studiane lærarane og elevane si oppleving av eit leikent klasserom og den potensielle utviklinga av elevautonomi. Funna frå denne avhandlinga syner lovande utsikter for bruken av spelifisering i framandspråkopplæring. Elevane vart meir engasjerte i opplæringsaktivitetane, og dei kom tettare på og produserte mange dokument på framandspråket. Den spelorienterte strukturen støtta utviklinga av elevautonomi og gav elevane mogelegheit til å skape sine eigne lærevegar. Men sjølv om denne studien underbyggjer dei samla sett positive funna innan forskingsfeltet spelifisering, syner studien også at bruken av ein spelorientert app kan vere utfordrande for somme lærarar. Ytterlegare bidrag innan forsking og praksis omfattar utviklinga av ein spelorientert app og utviklinga av eit teoretisk rammeverk for studiar av spelbaserte opplæringssituasjonar i framandspråksundervisninga.

Publisert 25. jan. 2018 17:01 - Sist endret 25. jan. 2018 17:01