English version of this page

Siv.ing. Arne Kirkhorn Rødvik

Språklydforvekslingar for høyrsels- og talespråkleg godtfungerande born og vaksne med cochleaimplantat, målt med nonsensord med ei og to stavingar.

Dette PhD-prosjektet er gjennomført innan fagfeltet audiologi, med ein kvantitativ metodologi og ein tverrsnittsdesign. Prosjektdataene er lydopptak av talepersepsjonstestar.

I ein taleoppfattingstest vart nonsensord med ein eller to stavingar avspelte for pre- og postlingvalt døve born og vaksne med cochleaimplantat (CI). Typiske vokal- og konsonantforvekslingar hos deltakarane vart undersøkt, og resultata vart samanlikna med vokal- og konsonantforvekslingar hos normalthøyrande.

Borna med CI, som i hovudsak var prelingvalt døve, oppnådde i gjennomsnitt høgare skårer på testane enn dei vaksne CI-brukarane, som i hovudsak var postlingvalt døve. For begge gruppene vart konsonantane for det meste forveksla med andre konsonantar med same stemtheit og artikulasjonsmåte. Stemte konsonantar var vanskelegare å oppfatte enn ustemte, og stemte plosivar vart ofte repeterte som ustemte, medan ustemte plosivar vart sjeldan oppfatta som stemte. Nasalar vart ofte forveksla med andre nasalar, og [y:] vart oppfatta som [i:] dobbelt så ofte som [y:] vart repetert korrekt. Forskingsresultata indikerar at overføringa av lågfrekvente lydar med CI ikkje er optimal, og vil vere nyttige for utvikling av ny CI-teknologi, samt for programmering av CI og for planlegging av lytte- og taletrening for CI-brukarar, og

Arbeidet med avhandlinga vart utført ved Universitetet i Oslo, Institutt for spesialpedagogikk. Data er samla inn ved Oslo universitetssykehus, ØNH-avdelinga.

Tilbake

Publisert 10. mars 2020 13:27 - Sist endret 21. apr. 2020 13:17