PISA 2022: Fleire elevar presterer under kritisk grense

− Resultata viser ein stor tilbakegang i dei tre fagområda matematikk, lesing og naturfag, seier Fredrik Jensen, prosjektleiar for PISA i Noreg.

Lærar i klasserommet. Illustrasjonsbilde.

Korleis står det til med matematikk, lesing og naturfagskunnskapar blant norske 15-åringar? Det gir PISA-undersøkinga eit bilete på. Illustrasjonsfoto: Shane Colvin/UiO.

Resultatet var delvis venta: Skulegangen til 15-åringane som tok PISA-prøva våren 2022 var prega av smitteverntiltak grunna Covid 19-pandemien i alle dei tre åra på ungdomsskulen.

Likevel kan ikkje forskarane slå fast at pandemien forklarar heile tilbakegangen.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til tilbakegangen, seier Jensen i ein fersk episode av podkasten Læring frå Det utdanningsvitskaplege fakultet.

Heimebakgrunn betyr meir

PISA 2022 viser òg at delen av lågtpresterande elevar aukar, og i matematikk presterer 31 prosent av elevane på det lågaste nivået.

Samanlikna med tidlegare år kan det sjå ut til at forskjellane mellom elevgrupper har auka, og det kan sjå ut til at heimebakgrunn betyr noko meir for kor godt elevane gjer det på skulen.

Men heimebakgrunn betyr framleis mindre i Noreg enn i dei fleste andre land.

Samstundes viser PISA 2022 at dei fleste 15-åringane framleis opplever tilhøyrsle til skulen og god arbeidsro i timane.

Person som holder en rapport. Illustrasjonsfoto.
Hovudfunna frå PISA 2022 viser at dei norske elevane har svakare prestasjonar i matematikk, naturfag og lesing enn tidlegare. Illustrasjonsfoto: Shane Colvin/UiO. 


Høyr intervjuet med Fredrik Jensen i podkasten Læring:

 

Kva er PISA?

  • OECD si undersøking Programme for International Student Assessment (PISA) måler 15-åringars kompetanse i matematikk, naturfag og lesing.
  • I undersøkinga svarer elevane på oppgåver innan dei tre fagområda, samt eit spørjeskjema med spørsmål om heimebakgrunn, interesser, haldningar og kva  dei meiner om undervisninga og læringsmiljøet ved skulen dei går på.
  •  Les meir og sjå alle rapportane sidan 2003.
  • I oktober 2024 vert det publisert ein antologi som går i djupna på matematikkresultata frå PISA 2022.
Fredrik Jensen. Foto.
Forskar Fredrik Jensen er prosjektleiar for den norske delen av PISA-undersøkinga. Foto: Shane Colvin/UiO.

Kontakt

Prosjektleiar og forskar Fredrik Jensen

Les meir


Kortrapporten med alle resultata frå PISA 2022 er tilgjengeleg på pisa.no

• Aktuelt arrangement 12. desember: PISA 2022: Kva viser resultata og korleis skal vi forstå dei?

 

 

 

Emneord: PISA, storskala-undersøkelser Av Magnus Heie og Monica Bjermeland
Publisert 5. des. 2023 12:02 - Sist endret 5. des. 2023 13:03