Webinar: Digitale ressursar og didaktiske idear

Bildet kan inneholde: produkt, verden, font, kunst, illustrasjon.

Ïllustrasjonsbilde: Colourbox.com

Norsk skole er digitalisert, og lærarar brukar digitale ressursar i planlegging og gjennomføring av undervisning. Nokre digitale ressursar er laga med skulen som siktemål og det ligg pedagogiske og didaktiske idear til grunn for utviklinga av ressursen. Andre gonger er det læraren som er innovativ og tek i bruk verktøy og ressursar som ikkje primært er utvikla for skulen, og som då tek eit i større ansvar for dei pedagogiske og didaktiske ideane og kontekstualiseringa sjølv.

I dette webinaret stiller vi spørsmål som: Korleis er dei digitale ressursane ein del av læraren sin didaktiske praksis? Er det læraren eller verktøya som styrer den didaktiske praksisen? Korleis tenker dei som utvikler ressursane at dei skal fungere i undervisingspraksisen til den enkelte læraren? Kan digitale ressursar bli så gode at læraren kan "lene seg tilbake og trykke play"?

For å kaste lys over desse spørsmåla har vi invitert to personar frå praksisfeltet og to forskarar til FIKS-webinar om digitale ressursar og didaktiske idear.

Forskarane som deltek, utviklar dei digitale ressursane Samtavla og Viten.no. Dei vil fortelje om dei pedagogiske og didaktiske ideane bak desse ressursane. Praktikarane som deltek, har lang erfaring med bruk av digitale ressursar i skulen. 
 
Du vil møte: 

  • Anja Amundrud, postdoktor, UiO, Samtavla
  • Ivar Berg, seniorrådgjevar med brei erfaring frå digitalisering av utdanning
  • Wenche Erlien, førstelektor, UiO/Naturfagssenteret, Viten.no 
  • Harald Hallin, lærar, Kvernhuset ungdomsskole, Fredrikstad kommune 
  • Mari Bjornsdotter Vinjar, seniorrådgjevar, FIKS 

 

Se opptak av webinarer her:

 

 

Publisert 28. okt. 2022 07:47 - Sist endret 24. feb. 2023 08:43