Kva skil matematikkundervisinga i Noreg og Finland?

Det finske skulesystemet blir ofte framstilt som svært vellukka. Fersk forsking på matematikkundervisning nyanserer biletet.

Lærer skriver på tavla. Illustrasjonsfoto.

Det finst mange oppfatningar om det finske skulesystemet. No har forskar sett nærmare på likskapar og skilnader i matematikkundervisninga i Finland og Noreg (foto: Colourbox.com)


─ Det er mange oppfatningar om det finske skulesystemet som ikkje har så mykje å gjere med det som faktisk skjer i klasserommet.

Det motiverte meg til å forske på temaet og samanlikne undervisningspraksis i dei  to systema.


Det seier forsker Jennifer Maria Luoto, som sjølv er finsk og har skrive doktorgrad om undervisningskvalitet i matematikk  basert på åtte finlandssvenske og åtte norske klasserom i huvedstadsregionane.

Studien er del av den store videostudien LISA (Linking Instruction and Student Achievement), der forskarane filmar undervising i nordiske klasserom. Fokuset var på korleis lærarane underviste.

Jennifer Luoto. Foto.
Forsker Jennifer Maria Luoto har forska på matematikkundervisning i Finland og Noreg (foto: Sandra R. Nielsen/UiO).

Lite felles forståing


─ De finlandsvenske lærarane fokuserte i større grad på tavleundervising og individuelt arbeid, og der  elevane jobba lite i grupper, seier ho.

Det er også interessante likskapar i korleis faget blir presentert for elevane, forklarar Luoto.


Ho  viser til omgrepet proseduralt fokus i undervisninga. Her er det fremst fokus på korleis dei går fram for å løyse oppgåvene.


Ein annan måte å undervise på, i følgje Luoto, er å belyse konseptuell forståing i matematikk, og handlar for eksempel om å diskutere med elevane om kvifor bestemte framgangsmåtar fungerer og kvifor andre ikkje gjer det. Det var lite av denne typen undervising i både den finlandsvenske og norske konteksten.

─ Vi veit frå skuleforsking at elevane forstår matematikk betre når det vert fokusert på sjølve konsepta i matematikken og korleis matematiske idear henger saman og ikkje berre korleis ein går fram for å løyse oppgåvene, fortel Luoto.

Likevel finn altså ikkje forskarane særlig mykje av denne typen undervising i klasseromma.

─ Å ha mest fokus på prosedyrar er det som er vanlegast i klasseromma globalt, så eg ble ikkje veldig overraska av dette.
Ulike arbeidsformar

Eitt av dei andre funna i avhandlinga handlar om korleis elevane jobbar under leksjonstid.


─ Vi veit frå andre liknande studiar at det er blitt vanlegare i Norge at elevane jobbar i lag, mens dei finske elevane i jobbar mye aleine. Dette fekk vi stadfesta også i denne studien, seier Luoto.

─ Det er mange oppfatningar om det finske skulesystemet som ikkje har så mykje å gjere med det som faktisk skjer i klasserommet

Ulikt fokus på lekser

Lekser er eit omstridt tema i mange fag. Luoto og kollegaene blei overraska over at  lærarane i dei ulike landa fokuserte så ulikt på lekser.


I Finland fekk elevane lekser jamt og dei vart fylgt tett opp i klasserommet dagen etter. Dei norske elevane fekk nesten aldri lekser, og når de fikk det så var de ikkje diskutert eller fylgt opp i undervisinga.


Luoto forklarer at dette var ein av de største skilnadene. I den finske konteksten fungerte leksene som et lim frå en leksjon til neste, og det var naturlig for lærene å knytte innhald frå førige leksjon til dagens tema med utgangspunkt i leksene.

Ifølgje Luoto kan det diskuterast kvifor ein i det hele tatt skal ha lekser i den norske konteksten når dei ikkje brukas i undervisninga eller blir fylgt opp.   

I det norske klasserommet Luoto og kollegaene studerte, var det meir gruppearbeid samt bruk av klassesamtaler. I slike samtaler inviterte de norske lærarane elevane oftare til å reflektere rundt faglege spørsmål i plenum.

Det særmerkte ved matematikkundervisinga

Forskaren forklarer at studien kan gjere oss i stand til å få auge på kva som er særmerkt ved matematikkundervisinga i dei to ulike landa og kva som kan fokuseras på vidare  for utvikling av undervisning i begge land.


 ─ Vi kan  sjå vår eigen kontekst med nye auge, og slik gje oss moglegheita til å inspirerast og sjå nye moglegheiter


Dette kan også gje oss nokre moglegheiter til å gjere andre ting og gjere noko nytt. For som Luoto fortel, er det behov for å endre på undervisinga for å gjere elevane i stand til å jobbe med komplekse tema.


─ Funna viser også at dei finske lærarane i større grad kan variere meir i undervisninga.


I norsk kontekst viser resultata at lærarane kunde jobbe meir heilskapleg og la timane i større grad bygge på kvarandre, slik som  i den finske klassen. Det gjer det enklare for elevane å sjå den raude tråden i undervisinga.


Uansett ynskjer Luoto at lærarar kan få nye idear til å utvikle eiga undervisning.


─  Eg håpar at resultata frå forskinga mi kan inspirere politikarar og andre skulengasjerte å ta del av empirisk klasseromsforsking for å nyansere debatten om kva vi kan lære av «vellukka» skulesystem.


I tillegg kan forskinga inspirere lærarar og lærarutdannere til å sjå løysingar som kan være relevante for undervisning i sine eigne kontekst og klasserom, avsluttar Luoto.

Kort fortald

Kjelde


Luoto, J. M., Klette, K., & Blikstad-Balas, M. (kommande): Patterns of instructional quality in Finnish and Norwegian lower secondary mathematics classrooms.

Vil du bli den gode matematikklæraren?

 

Av Magnus Heie, kommunikasjonsrådgiver, Instittutt for lærarutdanning og skuleforsking
Publisert 11. juni 2021 08:45 - Sist endret 4. aug. 2021 12:39