Leiing i turbulente tider

Vestfold og Telemark fylkeskommune vart slått saman, og skal no skiljast etter fire år. Samtidig har ein forskar gjennomført ein doktorgrad om leiing i nettopp fylkeskommunen. 

Papirfly som alle peker samme retning. Illustrasjon.

Nyleg leverte Anne Gry Fadum Carlsen ei doktorgradsavhandling om korleis leiarane oppfattar strategisk leiing og korleis leiarskapet vert utøvd  på ein arbeidsplass i stadig endring (illustrasjon: Colourbox.com).

− Kort fortalt er strategisk leiing det leiarar og medarbeidarar gjer saman, seier Anne Gry Fadum Carlsen, som har skrive doktorgradsavhandlinga.

For å gjennomføre doktorgraden gjekk ho breitt til verks, studien inkluderer leiarar frå fleire nivå i organisasjonen. Leiarane skreiv refleksjonsnotat, og Fadum Carlsen gjennomførte både intervju og var med på møte for å observere korleis strategisk leiing vert utøvd.

− Det er turbulente tider og derfor viktig med kunnskap om kva strategisk leiing inneber, seier Fadum Carlsen.

Samfunnsendringar generelt, og politisk vedtak om fusjon og delingar av fylkeskommunar spesielt, skaper nye vilkår for strategisk leiing.

Det gjer Fadum Carlsens si forsking meir aktuell.

– Strategisk leiing er det leiarar og medarbeidarar gjer saman.

Leiarar har eit repertoar av strategiske handlingar

Avhandlinga hennar viser at leiarar har et repertoar av strategiske handlingar når dei utøver strategisk leiing. Til dømes legger dei til rette for medverknad, utformar reglar og prosedyrar og deltar aktivt på uformelle samhandlingsarenaer.

Anne Gry Fadum Carlsen. Foto.
Anne Gry Fadum Carlsen har forska på eigen arbeidsplass (foto: Anders Palmer Holmen/Vestfold og Telemark fylkeskommune).

− Dette inneber å løyse både rutineoppgåver og oppgåver som ikkje er rutine, og inkluderer det formelle og det uformelle, interne og eksterne aktivitetar, seier forskaren.

− Strategisk leiing inkluderer å sjå lenger enn berre her og no ved å tenke og handle langsiktig, vurdere alternative valgmoglegheiter og sette enkeltdelar saman til eit  heile.

På tross av mange utfordringar i ein travel og samansett arbeidskvardag, fortset ho.

Ein krevjande plass å vere leiar

Forskaren seier at offentleg sektor ofte er prega av tvitydige og konkurrerande forventningar og krav.

Det gjer det krevjande å vere leiar.

−Strategisk leiing er som balansekunst. Ein skal kople saman dei strukturelle rammene, til dømes organisasjonskart og formelle prosedyrar, organisasjonskultur og interne læringsprosessar, seier Fadum Carlsen.

− Strategisk leiing er som balansekunst.

Strategisk leiing er noko som vert gjort i fellesskap

Ifølge avhandlinga handlar strategisk leiing om det som oppstår og vert utvikla når leiarar og medarbeidarar jobbar saman. Det handlar ikkje om den enkelte leiar, men det som skjer når leiarskapet vert utøvd på ein handlekraftig og effektiv måte.

Dette kan til dømes skje ved å analysere  og stake ut ein strategisk kurs for vegen vidare.

Eit anna døme er når leiarar legg til rette for å skape meining saman med dei tilsette.

− Ein sentral strategi blant leiarane forskaren har studert, er å kople nye idear og  strategiske avgjerder fatta på organisasjonsnivå til lokal praksis og det medarbeidarane allereie gjer i kvardagen, seier forskaren.

Forventningar og krav

Det er minimale forskjellar mellom sektorar når leiarar beskriv strategisk leiing.

− Det er likevel nokre perspektivforskjellar mellom leiarnivåa som inngår i studien.

Fadum Carlsen utdjupar.

− Toppleiarar rettar i større grad fokus mot omgjevnadene til organisasjonen og realisering av samfunnsoppdraget, medan mellomleiarar oftare trekker fram interne organisatoriske prosessar og arbeid for å omsette mål og strategiar for medarbeidarane.

Forskinga viser også at det er viktig å balansere omgjevnadene sine forventningar og krav. Leiarar må kunne handtere og prioritere i kvardagen.

− Ein av leiarane fortalde at jobben er å vere ei form for «portvakt»: «dette skal vi gjere og dette skal vi ikkje gjere», seier forskaren.

− Ein av leiarane fortalde at jobben er å vere ei form for «portvakt».

Fylkesdirektøren er ikkje overraska over funna

− Vi som er leiarar snakkar mykje om strategisk leiing. Derfor er det nyttig å sjå korleis dette vert definert og utøvd i ein stor organisasjon som fylkeskommunen.

Det seier fylkesdirektør Arve Semb Christophersen.

− Funna er ikkje overraskande for oss, men både forståelege og eigna til å jobbe vidare med for å styrke utøvinga av strategisk leiing i organisasjonen, fortset han.

Christophersen fortel at det er stor interesse for denne forskinga blant dei tilsette i fylkeskommunen.

Studien er finansiert gjennom ordninga offentleg sektor-ph.d., der arbeidsgivar får støtte til å la ein tilsett forske på tema som er relevante for arbeidsplassen. Prosjektet skal bygge kompetanse som er viktig og nyttig for organisasjonen. 

− Det har vore ein fordel å vere ein som er kjend med  kulturen, det gjer det lettare å få tilgang til kunnskapen og stille dei rette spørsmåla, fortel ho.

1. januar 2024 blir Vestfold fylkeskommune og Telemark fylkeskommune sjølvstendige kommunar att etter fire år saman.  Kunnskap om leiing vil derfor vere viktig også i tida som kjem.

Ein versjon av saka er publisert hos forskning.no

Fakta

•    Formålet med Fadum Carlsen si  avhandling er å  undersøke og forstå strategisk leiing ved gjennomføring av strategiske planar.
•    Ho har studert korleis leiarar snakkar om strategisk leiing, og korleis strategisk leiing vert utført.
•    Fadum Carlsen er sjølv tilsett i Vestfold og Telemark fylkeskommune i fylkeskommunen.
•    Ho har gjennomført intervju og observert leiarar.
•    Avhandlinga er levert som ein del av offentleg sektor-ph.d., der arbeidsgivar får støtte til å la ein tilsett forske på «tema relevant for verksemda sitt ansvarsområde».

Kjelde

Anne Gry Fadum Carlsen (2023): «Strategisk ledelse i fylkeskommunen. En studie av lederes fortellinger og strategiske handlinger ved gjennomføring av strategiske planer».

Les meir

 

Emneord: Strategi, Ledelse Av Magnus Heie
Publisert 4. sep. 2023 09:00 - Sist endret 20. des. 2023 10:43