Eli Bjørhusdal

Høgskulelektor og stipendiat Eli Bjørhusdals forskingsinteresse er knytt til den offentlege forvaltninga av nynorsk og bokmål. Motivasjonen for å granske nettopp norsk offentleg språkpolitikk, var kunnskapen om at ein tredjedel av nynorskelevane skifter fyrstespråk til bokmål i skuletida si.

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal er høgskulelektor og stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har vore doktorgradsstudent ved ILS.

Kva forskar du på?

Eg har kalla phd-avhandlinga mi Mellom nøytralitet og språksikring: norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Ho dreier seg om den offentlege forvaltninga av nynorsk og bokmål, det vil seie kva for juridiske reguleringar og politiske ordningar som den norske staten har utvikla for dei to skriftspråka, men òg korleis det vert argumentert for desse ordningane. Særleg har eg undersøkt styresmaktene sine strategiar for det minst brukte av dei to norske skriftspråka; nynorsk.

Eit sentralt føremål har vore å omgrepsfeste praksisen til og ideane bak norsk språkpolitikk diakront, for så å kunne seie noko om konsekvensane for statleg styring og handsaming av språkpolitiske emne i dag.

Kvifor er denne forskinga viktig?

Forsking på offentleg språkpolitikk er viktig fordi mindre brukte språk ikkje kan greie seg utan politisk intervensjon og støtte. Dette gjeld minoritetsspråk over heile verda: Dersom alt skal vere opp til frie og uregulerte val på dei lingvistiske marknadene, vil dei bukke under. Den lingvistiske erosjonslogikken er nådelaus, for å bruke ein metafor frå naturvitskapen; språkbrukarar har ein tendens til å ville skifte frå dei minste til dei største språka. Det lingvistiske marknadspresset gjer det viktig å forske på språkpolitikken som vert ført eller ikkje ført. Utforminga av språkpolitikk til ein stat har svært mykje å seie for sikringa av små språksamfunn innanfor denne staten.

Kva er motivasjonen din for å drive med forsking?

Det store og keisame svaret er at eg forskar fordi eg vil forstå samfunnet rundt meg, og fordi eg har ei von om at òg andre menneske kan forstå noko fordi eg har forska.

Men motivasjonen for å granske nettopp norsk offentleg språkpolitikk, var kunnskapen om at ein tredjedel av nynorskelevane skifter fyrstespråk til bokmål i skuletida si. Eg spurde meg sjølv om kvifor norsk språkforvaltning ikkje går meir direkte inn for å forsøke å snu dette språkskiftet, særleg ettersom styresmaktene sjølve karakteriserer denne typen språkassimilering som uheldig og ettersom slike spørsmål er viktige arbeidsfelt for språkstyresmakter i andre fleirspråklege statar.

Korleis føregår forskinga?

Eg har analysert 140-150 statlege styringsdokument frå 1885 fram til 2005. Dokumenta høyrer til to departement, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet med forløparar. Stephen Toulmins argumentasjonsteori vert nytta som metode for å identifisere tekstane sine sentrale påstandar (framlegg om ordningar/reguleringar) og argumentasjonsheimlar (verdimessige/ideologiske legitimeringar).

Kva for nytte kan ein ha av denne forskinga?

Eg meiner å ha funne at norsk språkpolitikk for nynorsk og bokmål gjennom heile 1900-talet har vore dominert av eit ideal om nøytralitet.  Sentrale trekk i nøytralitetspolitikken er formell likebehandling av skriftspråka i kombinasjon med rettigheitslegitimering. Rettar for den nynorske mindretalsspråkgruppa har i liten grad vore grunngjeve i språksamfunnet sine interesser i å tryggje språket sitt. Grunngjevinga har heller vore at at nynorsk og bokmål skulle ha like tilhøve i tevlinga. Det har ikkje vore staten si oppgåve å ta stilling til og leggje til rette for ein særleg språkbruk på somme domene eller i somme grupper. Dermed vart det heller ikkje etablert særrettar for nynorskbrukarar. Språkrettane var universelle, og argumentasjonen liberal.

Etter tusenårsskiftet har den norske staten i større grad argumentert substansielt for nynorsk. Det vil seie at styresmaktene no ynskjer, iallfall på papiret, å leggje til rette for at nynorsk faktisk vert nytta – ikkje berre at folk skal ha moglegheit til å nytte han. Såleis opnar òg norske språkstyresmakter for at det er rett og viktig å velje bort majoritetsspråket bokmål på somme domene og i somme grupper. Legitimeringsprinsippa (heimlane) botnar altså i større grad i nynorskens eigenverdi, ikkje i språkpolitisk nøytralitet. Likevel skil dagens språkpolitiske ordningar seg lite frå likebehandlingsordningane som vart etablerte og legitimerte under nøytralitetspolitikken. 2000-talets konkrete ordningar og reguleringar utfordrar ikkje nøytralitetsideala om like vilkår og likebehandling.

At norsk språkforvaltning heng att i nøytralitetspolitikken vanskeleggjer fleire typar språksikringsordningar – til dømes tiltak mot språkskifte, som altså er rekna som eit hovudproblem for utsette minoritetsspråk. Det er vanskeleg å tenkje seg nøytrale, likebehandlande ordningar som likevel skal vere effektive mot frivillig språkassimilering.

Dette nøytralitetsregimet i norsk språkforvaltning er korkje identifisert eller granska i tidlegare i forsking. Dermed vert det vanskeleg både å forstå og kritisere språkpolitikken på ein innsiktsfull måte. I det store og heile har norsk offentleg språkforvaltning (statusplanlegging) i svært liten grad vore forska på tidlegare. Funna i granskinga må såleis reknast som nyttige og viktige for forståinga av og dermed utviklinga av norsk språkpolitikk, ikkje berre den som gjeld forvaltninga av nynorsk og bokmål. Dei kastar òg ljos over dei teoretiske modellane for språkpolitikk.

Kvar hentar du idéar og problemstillingar frå?

Avhandlinga ligg i skjeringspunktet mellom språkplanleggingsvitskap og politisk teori. Eit sentralt spørsmål i den meir politisk-filosofiske delen av feltet er kva språkpolitiske rettar er og kva som konstituerer det normative grunnlaget for desse. Dermed er det tidvis kalla «normative theories of language rights», tidvis «the linguistic justice debate», og tidvis «political theory and language policy». Debatten mellom kommunitaristar og liberalistar i særleg nordamerikansk akademia medførte stor teoriutvikling om retts- og demokratiforståingar frå 1980-talet og framover, og granskinga mi tek utgangspunkt i somme sentrale verk i denne tradisjonen (til dømes antologien om språkpolitikk som Will Kymlicka og Alan Patten redigerte i 2003, Language rights and political theory). Dette er forskingslitteratur som har politiske diskusjonar om minoritetar, minoritetsspråk og multikulturalitet i vesten dei siste tiåra som kontekst.

Kva ser du som utfordringar for forskingsfeltet ditt framover?

Ambisjonen min har ikkje vore å vise kva for implementering eller konsekvensar språkpolitikken har hatt på lokalt eller didaktisk nivå. Med studien min vil vidare forsking ha eit utgangspunkt for å gjere nettopp det.

Sjølvsagt vonar eg òg at innsiktene som ligg i avhandlinga mi, vert nytta i vidare utforming av norsk språkpolitikk.

Publisert 7. juli 2014 10:49 - Sist endret 26. apr. 2019 10:50