Forskarprofilen: Kva vi snakkar om når vi snakkar om lærarutdanninga

Vi veit lite om kva som er gode undervisingspraksisar i lærarutdanningsklasserommet, fortel førsteamanuensis Inga Staal Jenset.

Jenset har hovudfag i pedagogikk og bakgrunn som lærar i tysk og kjemi i vidaregåande skule. Ved sidan av jobben som kjemilærar, arbeidde Jenset som universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) frå 2006. Doktorgraden leverte ho i 2017, ho arbeider no som førsteamanuensis ved ILS. Sjølv om ho treivst som lærar i vidaregåande skule, tok arbeidet ved lærarutdanninga snart over:

– Mi «fagnørding» har heile tida vore pedagogikken og kva som skjer i klasserommet. Derfor blei utdanning av nye lærarar, og kva undervisningspraksisar som er best eigna til det, veldig spennande. Det er hjartebarnet mitt, fortel Jenset.

Jenset fortel vidare at ho er spesielt oppteken av kva slags undervisingspraksisar som kan bidra til å binde saman undervisinga på campus med praksisen til lærarstudentane. Det veit vi lite om.

Samtidig fortel Jenset at det ofte blir tatt for gitt at dei som skal lære opp kommande lærarar «kan» undervise, og det finst inga formell kvalifisering for å bli lærarutdannar.

Men forskinga hennar indikerer at ferdigheitene som er nødvendige for å vere lærar for elevar og for lærarstudentar er forskjellige. Og sjølv om det er mange som forskar på kva som fungerer og som ikkje fungerer i klasserommet i dei ulike faga i skulen, er det få som har lærarutdanninga som forskingsfelt.

– Lærarutdannings-didaktikk er mykje mindre uttalt enn annan fagdidaktikk, poengterer Jenset.

Den gode klassesamtalen

Jense viser til at det er forska mykje på samtalar i klasserommet i skolen, men at vi veit mindre om kva som er gode samtalar i lærarutdanningsklasserommet.

Til dømes vil dei ulike teknikkane for å få i gang og halde ved like ein samtale i klasserommet, såkalla «talk moves» eller samtalegrep, fungera godt også i lærarutdanningsklasserommet. Men innhaldet i slike samtalegrep er ikkje nok i undervisinga av lærarstudentane, understrekar Jenset:

– Mi forsking indikerer at lærarstudentar får mange moglegheiter til å snakke om erfaringane sine frå praksis når dei er i lærarutdanningsklassrommet.

Men det er behov for å vidareutvikle repertoaret lærarutdannarar nyttar for å  hjelpe lærarstudentane med å knyte saman det dei har lært i praksis og det vi jobbar med på campus, fortel forskaren. Vi treng å forstå kva for teknikkar vi kan nytte oss av for å få til dette, understrekar Jenset.

Rivande utvikling

Forskaren driv no datainnsamling i fagdidaktikk-seminar i norsk og matematikk, med fokus på korleis lærarutdannaren bruker video som undervisingsverktøy for å relatere fagstoffet til praksis. Her er føremålet å gi studentane øving i å observere og reflektere over relevante situasjonar frå klasserommet i lys av fagomgrepa dei arbeider med i seminaret.

– Nyare forsking viser at video er eit veldig lovande og forholdsvis billeg verktøy for å binde saman teori og praksis i lærarutdanninga, seier Jenset.

Studentar kan få skånande bilete av lærarkvardagen

Forsking på bruk av video i lærarutdanninga er eit felt som ifølgje henne kjem til å auke i tida framover, og det vil verte meir og meir kunnskap om korleis vi kan gjere bruk av video på ein måte som aukar læringsutbyttet for studentane.

Dei etiske og prinsipielle spørsmåla kring bruk av video er rett nok mange: frå korleis forskarane kan anonymisere elevar som ikkje vil bli filma til kva for slags undervisningssituasjonar som skal nyttast i undervisinga.

– Situasjonar der elevar utagerer kan ikkje brukast av etiske årsaker, noko som kan føre til at lærarstudentane går glipp av dei meir problematiske sidene ved det å undervise, forklarar Jenset.

ILS er komen langt

– På ILS er vi komen svært langt når det gjeld bruk av video til forsking og undervising. Vi har blant anna ein strålande videolab, hevdar Jenset.

Ho fortel entusiastisk om dei mange store videoforsking-prosjekta ved instituttet og fordelane med gjenbruk av video frå desse prosjekta, til dømes LISA-prosjektet.

– Institutt for lærarutdanning og skuleforsking arbeider også med å utvikle eit videodatabibliotek som vil gjere dette tilgjengeleg for fleire, avsluttar Jenset.

Av Magnus Heie, Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
Publisert 16. mai 2019 09:46 - Sist endret 16. okt. 2019 13:08