Lektor i fleirspråk bedd om å halde prestisjefull førelesing

─ Fatima Reda frå Mi Lenga-programmet har allereie gitt eit viktig bidrag til andrespråksfeltet, seier tidlegare rettleiar.

Fatima Reda. Illustrasjonsfoto.

─ Morsmålet til elevane er ein ressurs i undervisinga, seier Reda, som deltok på Mi Lenga-programmet ved Universitetet i Oslo. Formålet er å utdanna lektorar med ekspertise innan fleirspråklegheit. (Foto: Ahmed Reda)

─ Eg er stolt over å visa korleis eg har brukt den fleirspråklege kompetansen min for å nå fram til arabisktalande elevar i skulen, seier ho.

Reda er lektor ved Kirkeparken vidaregåande skule i Moss og tidlegare student på lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo. Nå er ho invitert til å halda årets Anne Hvenekilde-førelesing på bakgrunn av masteroppgåva si om korleis det blir lagt til rette for bruk av arabisk i norskundervisninga.


─ Ynskjet mitt er å gjera lærarar, og spesielt norsklærarar, bevisste på kor viktig det er at dei tar i bruk morsmålet til elevane som ein ressurs i undervisninga, seier Reda.

Førelesninga skjer på konferansen Forskingskonferanse om norsk som andrespråk 2022 ved Høgskulen i Østfold 3. februar.


Formålet er å gi honnør til lovande studentar som kan tenkje seg ein forskarkarriere.

─ Denne mogelegheita gir meg verkeleg motivasjonen til å satse på ein vidare forskarkarriere innafor andrespråksfeltet, seier ho.

─ Ynskjet mitt er å gjera lærarar bevisste på kor viktig det er at dei tar i bruk morsmålet til elevane som ein ressurs i undervisninga

 

Skal inspirera forskarrekruttar


Anne Hvenekilde (1940-2001) var den fyrste professoren i norsk som andrespråk. Frå 1970-talet arbeidde ho ved Universitetet i Oslo. Ho la heile si store arbeidskraft i å bygge fagområdet, både forskingsfeltet og undervisingstilbodet innanfor alle skuleslag.


Anne Hvenekildes heiderspris vert gitt til ein eller fleire forskarrekrutter som nyleg har levert masteroppgåva eller doktorgradsavhandlinga si, og som utmerkar seg på ein eller annan måte.

Arabisk i norskundervisinga

Tema for førelesinga i Redas masteroppgåve er «arabisk i norskundervisinga – ein studie om tilrettelegging for å inkludera tospråklege elevar», seier ho vidare.

─ No som eg har jobba som lektor i snart to år, ynskjer eg å ta med meg erfaringane mine frå ungdomskulen og vidaregåande skule inn i vidare forsking.

Å forska på tospråklege elevar med arabisk som morsmål, opnar for at eg kan samla inn og behandla data utan hjelp frå ein tredjepart.

─ Førelesinga har fokus på transspråking, forskarrolla mi både på innsida og utanfor i feltet, og ikkje minst interessante funn. Det er ei strålande moglegheit å kunna vidareformidla funna i masterprosjektet mitt på.

─ Har gitt eit viktig bidrag til andrespråksfeltet


─ Det er veldig hyggeleg og fortent at Fatima er vald ut til å halda Anne Hvenekilde-førelesninga. Ho har levert ei framifrå masteroppgåve og har allereie gitt eit viktig bidrag til feltet norsk som andrespråk.

Det seier Joke Dewilde, Redas tidlegare rettleiar og førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.

─ Dette inspirerer nye studentar på Mi-Lenga-programmet, som har som ambisjon å utdanna lektorar med ekspertise innan fleirspråklegheit, seier Dewilde.

─ Det er ei stor ære å få halda Anne Hvenekilde-førelesninga. Eg ynskjer å takka Joke Dewilde for å ha nominert meg til denne prisen, og komiteen for å ha valt ut masteroppgåva mi, seier ei stolt Reda.  

Vil du bli den gode lektoren eller forskaren?

Utforsk meir om flerspråklegheit i utdanning

Mi Lenga er eit forskings- og utviklingsprogram som skal vere sentralt i utviklinga av framtidas fleirspråklege skule.

Emneord: Mi Lenga, Flerspråklighet Av Magnus Heie, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking
Publisert 3. feb. 2022 15:35 - Sist endret 5. jan. 2023 09:33