Korleis jobbar vi i lærerutdanninga med rasisme, fordommar og diskriminering?

− Både lærarar, elevar, skuleleiarar og forskarar treng å øve opp eit blikk for å oppdage og undersøke både eigne og andre sine privilegium, understrekar universitetslektor. 

Skolelever sitter med ryggen til i klasserommet

− Opplæringslova understrekar at alle former for diskriminering skal motarbeidast, fortel Silje Førland Erdal (foto: Unsplash.com)

Rasisme og fordommar i skulen er diverre eit svært aktuelt tema. Lektorstudent og SV-bystyrerepresentant Sarah Lilleberg Safavifard etterlyste i haust betre opplæring i å takle rasisme og diskriminering i klasserommet

– Vi som er tilsette ved Institutt for lærarutdanning og skuleforskning (ILS) har over tid jobba for å gjere kompetanse om førebygging av rasisme og andre gruppefiendtlige holdningar til ein integrert del av lærarutdanninga, fortel universitetslektor i samfunnsfagdidaktikk ved ILS, Silje Førland Erdal.

På overordna nivå handlar det mellom anna om å styrke studentane sin kunnskap om mangfald og normkritiske perspektiv. Det er perspektiv som inviterer til kritiske undersøkingar av prosessar som skapar og opprettheld ulike privilegium.

­− Både lærarar, elevar, skuleleiarar og forskarar treng å øve opp eit blikk for å oppdage og undersøke både eigne og andre sine privilegium.

Dette er viktig anten desse er knytta til kultur, religion, hudfarge, sosial bakgrunn, kjønn, funksjonalitet eller seksualitet, poengterer Erdal. Ho fortel vidare at mangfaldskompetanse og normkritiske perspektiv, kan bidra til å skape trygge skulemiljø der alle elevar kan oppleve å bli sett og anerkjent, samt at det kan bidra til ei antidiskriminerande undervisning.

Mangfaldskompetanse

Meir konkret deltek studentane på fleire av våre studieprogram i undervisning som handlar om demokratisk medborgarskap i mangfaldige samfunn, mangfaldskompetanse og normkritiske perspektiv og skulen som arena for å førebygge gruppefiendskap og diskriminering, fortel Erdal.

Dei jobbar også praktisk for å trene på korleis dei som lærarar kan møte kontroversielle og hatefulle ytringar i klasserommet. I tillegg tek samfunnsfagdidaktikken eit særleg ansvar og har til dømes undervisning knytta til dialog og meiningsmotstand, 22.juli-hendelsen og ekstremisme. Det er også fleire masterstudentar som skriv oppgåver med relevans for denne tematikken.

Kvifor lære om rasisme, fordommar og diskriminering?

Ut i frå eit profesjonsfaglig perspektiv er svaret på kvifor denne typen tema er viktig, spesielt forankra i skulen sitt demokratiske oppdrag.

− Opplæringslova understrekar at alle former for diskriminering skal motarbeidast. 

Dette er også tydeleg i ny, overordna del av læreplanverket, for eksempel i punkta som rettar seg mot demokratisk medborgarskap, menneskeverdet og inkluderande læringsmiljø, fortel Erdal vidare. Her kjem det fram at opplæringa skal gje elevene kunnskapar og dugleikar til å møte utfordringar i tråd med demokratiske prinsipp, poengterar Erdal.

Skulen har ansvar for å førebygge mobbing og krenkingar og for å anerkjenne mangfald som ressurs. Slik er dette eit spørsmål som ikkje er oppe til forhandling.

På kva måte er skulen ein sentral arena for å førebygge rasisme og andre gruppefiendtlege haldningar?

– Skulen er kanskje samfunnet sin fremste og viktigaste fellesarena. Alle elevar skal ideelt sett oppleve at det er ein stad dei høyrer til og kan kjenne seg trygge. I ei undersøking gjennomført av Antirasistisk senter (2017), kjem det fram at skulen er ein primærarena for opplevd rasisme. Lærarutdanninga må difor løfte fram perspektiv som kan bidra til å motverke både strukturell og individuell rasisme, forklarar universtitetslektoren.

Det strukturelle rettar seg mot utforminga av skulen si verksemd, samt personalet sine holdningar og handlingar, medan det individuelle rettar seg meir mot å motverke rasisme blant elevane.

− Vi veit at undervisning som omhandlar rasisme gjerne blir lagt til andre stader og andre tider.

Borgarrettskampane i USA og Apartheid-regimet i Sør-Afrika er sjølvsagt viktig å lære om, men kan også kjennes lite relevant for elevar som erfarer rasisme på kroppen kvar dag.

– Det kan derfor vere fornuftig å ta seg tid til å undersøke om rasisme skjer på skulen, og også korleis det skjer. I og med at rasisme kjem i ulike former, og opptrer på ulike nivå, er det ingen rett fram svar på korleis vi kan jobbe førebyggande, avsluttar Erdal.

Emneord: Rasisme, fordommar, diskriminering Av Magnus Heie og Silje Førland Erdal, Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
Publisert 11. nov. 2019 12:24 - Sist endret 12. nov. 2019 11:28