Masterstudentar presenterte oppgåver om vanskelege tema i klasserommet

Studentane sine oppgåver handlar blant anna om ekstremisme, rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar i skulen.

Ni lektorstudenter ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking og MF vitenskaplige høyskole, presenterte 11. juni arbeida sine ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). Dei er ein del av Dembra LU-prosjektet (Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar). Prosjektet er eit samarbeid mellom HL-senteret og flere lærerutdanningsinstitusjonar, der målet er å styrke kompetansen om fordommar og gruppefiendskap i lærarutdanningane.

Fekk tilbakemeldingar frå ekspertane

Frå UiO presenterte Julian Aune, Marte Breivik, Christine Lillethun Norheim, Kaja Øveraas, Sagal Goala og Binta Jammeh sine funn. Alle har skrive masteroppgåver i samfunnsfagdidaktikk.

Studentene fekk kommentarar og spørsmål frå etablerte forskarar og ekspertar på feltet; Cora Alexandra Døving, Marta Bivand Erdal, Herner Sæverot og Anne Talsnes.

Bildet kan inneholde: Presentasjon, Seminar, Offentlig taler, Lesing, Begivenhet.
Ein av dei som presenterte denne dagen var Binta-Victoria Jammeh. Ho snakka om oppgåva si "Mangfoldskompetanse i samfunnsfag" for publikummet på HL-senteret (foto: Christopher Gambert).

Vanskelege tema

Oppgåvene som vart presentert, handlar blant anna om gruppedannelse og grenser i flerkulturelle klasserom, identitetskonstruksjon blant elevar med minoritetsbakgrunn, ekstremisme og radikalisering og undervisning relatert til 22. juli 2011.

– Dette er tema er svært relevante for samfunnsfagdidaktikken, for  lærarutdanninga og for lærarprofesjonen  generelt. Masteroppgåvene er difor viktige bidrag i arbeidet med å styrke vår kompetanse på dette området, seier Silje Førland Erdal som er prosjektleiar for DembraLU på ILS. 

Seminaret vart arrangert av HL-senteret, i samarbeid med ILS og MF vitenskapelige høgskole.

Hanna Skjeie, Ann-Mari Alem Karlsholm Sundet, Hassan Ali Syed og Maren Olstad var også med i Dembra-prosjektet, men kunne ikkje delta på konferansen.

Av Magnus Heie, Institutt for lærarutdanning og skuleforskning
Publisert 14. juni 2019 10:07 - Sist endret 13. sep. 2019 14:37