«Jobb i skolen» set søkelys på kva slags moglegheiter som finst i skolen

Arrangementet er høgaktuelt for deg som er student ved UV-fakultetet og som fullfører Lektorprogrammet eller Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) våren 2023.

Studenter rundt et bord. Illustrasjonsfoto.

I samarbeid med Karrieresenteret arrangerer Institutt for lærarutdanning og skoleforskning (ILS) eit arrangement som er svært relevant for deg som som skal søke jobb som lærar (foto: Svein Finneide/UiO).

Kva er karrieredagen «Jobb i skolen»?

Karrieredagen er ein møtearena for nyutdanna lærarar som skal søke jobb i skolen og arbeidsgivar. I tillegg får du møte representantar frå Utdanningsforbundet, og du vil få moglegheit til å delta på Karrieresenteret sitt jobbsøkarkurs.

På karrieredagen vil du få nyttige tips og råd til søknadsprosessen frå ulike aktørar, informasjon om stillingsutlysingar, og du får lære meir om kva slags moglegheiter som finst for deg i skolen.  

Arrangementet er tredelt, og det er mogleg å delta på heile eller delar av arrangementet.

Kven møter du?

Først ut er representantar frå Utdanningsforbundet, som gir råd om søknadsprosessen, og som blant anna fokuserer på korleis du kan førebu deg på intervju og kva slags rettar du har som nytilsett lærar.  

Neste innslag er arbeidsgivar, representert ved kommunane Asker, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog, Oslo og Ullensaker, som i ein presentasjonsrunde held innlegg og presenterer skolane i sitt område.

Dei vil seie litt om kva dei ser etter når dei rekrutterer nye lærarar, og kva slags kompetansar dei ser på som ettertrakta.

Etter presentasjonsrunden vil representantar for dei ulike kommunane stå på stand, og du vil kunne stille direkte spørsmål til arbeidsgivar, og kunne få konkrete tips og råd til kva du kan vektlegge når du søker på jobb ved dei ulike skolane.

Få hjelp til å søke jobb i skolen

Avslutningsvis vil Karrieresenteret halde eit jobbsøkarkurs. På kurset er det fokus på korleis du kan presentere din kompetanse for arbeidsgivarar, kva som er gode jobbsøkarstrategiar, og du vil få innføring i korleis du kan skrive ein god CV og søknad.

Velkomen!

Ynskjer du å delta på «Jobb i skolen» 2023?

Arrangementet vert heldt 17. januar i Helga Engs hus. Det er mogleg å delta på heile eller delar av arrangementet. Det er eigne påmeldingar til Jobb i skolen og jobbsøkarkurset. Påmeldingsfrist til begge er 16. januar.

Påmelding til «Jobb i skolen»

Påmelding til Jobbsøkarkurs

Av Anne Lidal & Magnus Heie
Publisert 2. jan. 2023 14:31 - Sist endret 2. jan. 2023 15:07