Podkast: LNU spesial - intervju med Jonas Bakken

Firdapodden: Jonas Bakken gjest i podkasten Firdapodden.

I slutten av august var Firdapodden på ferd til Trondheim, til Landslaget for norskundervisning (LNU) si landskonferanse! Dette vart nok ein strålande konferanse for norskinteresserte over heile landet, med foredrag, parallellsesjonar, samtale og festmiddag over to heile dagar i trønderbyen. Vi slo av ein prat med nyslått vinnar av LNU-prisen, Jonas Bakken, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Oslo. Han har vore sentral i utforminga av den nye læreplanrevisjonen LK20, har gitt ut ei mykje brukt bok om retorikk i skulen, forska på lærebøker og vore ein viktig skikkelse i norskmiljøet i mange år. Men skulle han eigentleg bli ishockeystjerne? Firdapodden har spurt, og Jonas har svart.


Firdapodden er ein podcast av og for lærarar, og er no inne i sin tredje sesong. Ingvild Imerslund og Anders A. Fitje ved Firda vgs inviterer kollegaer og andre interessante personar til å prate om skulekvardagen.

Hør podkasten: Firdapodden Ep01 S03

Publisert 26. sep. 2022 09:47 - Sist endret 26. sep. 2022 09:47