I tillegg til den ordinære verksemda har instituttet Eining for kvantitative utdanningsanalysar (EKVA) og Forskning, utvikling og kompetanseutvikling i skolen (FIKS).
ILS er vertskap for Nordic Centre of Excellence: Quality in Nordic Teaching (QUINT). Instituttet har også ei eining for støtte til kvalitativ forsking ved bruk av video- og audiodata, Teaching Learning Video Lab (TLVL).
Les meir om
- Eining for kvantitative utdanningsanalysar (EKVA)
- FIKS- Forskning, innovasjon og kompetanseutvikling i skolen
- ProTeD – senter for framifrå lærarutdanning
- Nordic Centre of Excellence: Quality in Nordic Teaching (QUINT)
- Teaching Learning Video Lab (TLVL)
Oversikt over organ og instansar ved instituttet
Leiingsinstansar: |
Funksjon: |
Overordna føringar for verksemda |
|
Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervising og formidling ved instituttet, medrekna personalansvar. Leiinga består av:
|
|
Studieinstansar: |
Funksjon: |
Studieutval (UV) |
Studieutvalet er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved undervisingsleiar. Utvalet er leidd av studiedekan og handsamer alle utdanningssaker ved fakultetet. |
Styringsgruppa for lektorprogrammet (STYLE) |
Styringsgruppa for lektorprogrammet (STYLE) er studieutval for Lektorprogrammet med eit særskilt ansvar for å følgje opp studiekvalitet og eit rådgjevande organ for UV-dekanen i spørsmål som gjeld programmet. STYLE er leidd av studiedekanen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet, og studiedekanane ved dei fem aktuelle fakulteta og to studentrepresentantar er medlem. |
Koordinerande ansvar for studia. Felles for alle studieprogramma som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag.
Alle programråd har eksterne representantar og studentrepresentantar. |
|
Fagråd |
Felles for einskilde studium som blir drivne frå instituttet.
|
Emneansvarlige koordineringsteam i lærarutdanningane |
Emneansvarlege koordineringsteam er sett saman av:
Desse har det faglege ansvaret for konkrete emne i dei ulike lærarutdanningsprogramma og for planlegging, gjennomføring og evaluering av emne på det gjeldande studienivået. |
Emneansvarlege |
Fagleg ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å planleggje, gjennomføre og evaluere emnet. |
Lektorprogrammets programutval (LPU) |
LPU – Lektorprogrammets programutval er studentane sitt fagutval. Dei arbeider for velferd og rettar for studentane og for å betre utdanningsløpa fagleg og organisatorisk. LPU er representert i aktuelle utval og program- og fagråd. |
Forskingsinstansar: |
Funksjon: |
Forskarutdanningskoordinator |
Koordinerer undervisingstilbodet i doktorgradsprogrammet og følgjer opp stipendiatar. |
Forskarlederforum (FLF) |
Forskarlederforum skal bidra til strategisk utvikling og samarbeid mellom forskargruppar og enhetar ved ILS, og være bindeledd til leiinga ved ILS og til Rådet for forskningssaker (UV). |
Programrådet for forskarutdanning (UV) |
Programrådet for forskarutdanning er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved forskarutdanningskoordinator og forskingskonsulentar (ikkje stemmerett). Rådet handsamer forskarutdanningssaker og er siste instans ved opptak på PhD-program. |
Rådet for forskingssaker (UV) |
Rådet for forskingssaker er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved forskingsleiar. Rådet for forskingssaker tar opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle på både fakultetet og institutta. |