Slik samarbeider vi med skolane

Institutt for lærarutdanning og skoleforsking har eit utstrekt samarbeid med skolar gjennom heile si verksemd innan lærarutdanning, forsking og utvikling.

Skolen er ein viktig samarbeidspartnar for studentar og tilsette ved instituttet. Foto av student i praksis av Alex Tufte.

Skolen er ein viktig samarbeidspartnar for studentar og tilsette ved instituttet. Foto: Alex Tufte.

Partnarskolane er avgjerande

Universitetet i Oslo uteksaminerer nærare 450 lærarar i året, og praksis i skolen er ein viktig del av studentane si utdanning. I arbeidet med dette er vi avhengige av samarbeidet vi har etablert med over 100 partnarskolar. Å være partnarskole er å være lærarutdannar og bidra aktivt i studentane si kvalifisering for yrket. Vi har stadig behov for flere partnarar. Ta gjerne kontakt med vårt praksisteam om din skole er interessert i å vite meir.

Universitetsskolane bidrar i studier og forsking

Eit utval partnarskolar har i dag status som universitetsskolar. Desse skolane har eit enno tettare samarbeid med instituttet for å vidareutvikle lærarutdanninga, skape gode modellar for lærarstudentane sin praksis og auke forskings- og utviklingsarbeid i skolane.

Viktige mentorar for studentane

Fleire dyktige faglærarar ved skolar i Oslo og Akershus er også mentorar for studentane i Lektorprogrammet si mentorordning, PROMO. Her vert studentane introdusert for ulike sider av læraren sin kvardag, og jobbar med aktuelle tema gjennom heile studieløpet sitt. 

Forsking- og utviklingsarbeid i skolane

Gjennom blant anna Quality in Nordic Teaching (QUINT) (nordisk senter for framifrå  forsking) og ProTed - Senter for framifrå lærarutdanning, samarbeider vi med skolar i forskings- og utviklingsprosjekt (FoU). Utover dette har instituttet eit omfattande samarbeid med skolar i våre andre forskingsprosjekt.

Etter- og vidareutdanning for lærarar og leiarar

Instituttet tilbyr også etter- og vidareutdanning innan ulike fagområde i skole og leiing gjennom Rektorutdanninga, Masterprogrammet i utdanningsleiing og rettleiarutdanninga.

Publisert 31. jan. 2019 13:42 - Sist endret 3. mars 2023 14:01