48-timars heimeeksamen

Eksamen del 3: 48-timars heimeeksamen (PPU3520D, PROF4045)

Heimeeksamen er ein individuell eksamen som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk A. I heimeeksamen skal du vise evne til å analysere og drøfte ei profesjonsfagleg problemstilling i lys av pedagogisk og fagdidaktisk teori.

Formelle krav

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i eksamenssvaret
  • Omfang: 2500–3000 ord (ikkje medrekna framside og litteraturliste)
  • Bruk APA-norma for referansar og litteraturliste

Eksamen og innlevering

Eksamenssvaret skal leverast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon om eksamen i Inspera på semestersida. Merk at svaret skal leverast som eitt dokument, sidan det ikkje er mogleg å lasta opp vedlegg til eksamenssvaret i Inspera.

Vurdering

Eksamen vert vurdert med karakter A–F.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtte vere basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil ein total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer ei betydeleg refleksjons- og formidlingsevne.

Karakter/
UiO-beskriving

Stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

  • Framifrå prestasjon som klart utmerker seg. 
  • Kandidaten syner svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
  • Kandidaten svarar  på spørsmålet i oppgåveformuleringa.
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.
  • Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle eksempel frå praksis.
  • Språket er svært presist og sjølvstendig.
  • Teksten er godt strukturert.
  • Formalia er oppfylte.

B Mykje god

  • Mykje god prestasjon.
  • Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
  • Kandidaten svarar på spørsmålet i oppgåveformuleringa.
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori viser mykje god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.
  • Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle eksempel frå praksis.
  • Språket er presist og sjølvstendig.
  • Teksten er godt strukturert.
  • Formalia er oppfylte.

C God

  • Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område.
  • Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
  • Kandidaten svarar på spørsmålet i oppgåveformuleringa.  
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori er god og kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er prega av breidd og djupn utan klare manglar.
  • Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig.
  • Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle eksempel frå praksis vert brukt stadfestande, med tillaup til nyansering og kritisk diskusjon.
  • Språket er godt og sjølvstendig.
  • Teksten er strukturert.
  • Formalia er oppfylte.

D Nokså god

  • Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.
  • Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjøvstende.
  • Kandidaten svarar i nokon grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa.
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori har ei viss relevans.
  • Kandidaten viser ujamn kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Oppgåvesvaret er prega av argument  som kan framstå som meiningsytringar.
  • Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle erfaringar frå praksis er presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.
  • Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av mangel på faguttrykk.
  • Teksten har ein viss struktur.
  • Formalia er i rimeleg grad oppfylte.

E Tilstrekkeleg

  • Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.
  • Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
  • Kandidaten svarar i nokon grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa.
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans, men kan til tider vere noko perifer og tilfeldig.
  • Kandidaten syner ujamn og mangelfull kjennskap til og forståing  av pensumlitteraturen.
  • Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som framstår som meiningsytringar.
  • Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle erfaringar frå praksis er presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.
  • Framstillinga er forståeleg, men språket er til dels uklart og/eller forvirrande.
  • Mangel på faguttrykk er framtredande.
  • Teksten har svak struktur.
  • Formalia er i nokon grad oppfylte.

F Ikkje greidd

  • Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava.
  • Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
  • Kandidaten svarar i liten grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa.
  • Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori er fråverande eller reint tilfeldig, og viser klart mangelfull eller heilt sviktande kjennskap til og forståing  av pensumlitteraturen.
  • Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som framstår som meiningsytringar.
  • Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle erfaringar frå praksis vert i liten eller ingen grad diskutert.
  • Framstillinga er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande.
  • Mangel på faguttrykk er framtredande.
  • Teksten er ustrukturert.
  • Formalia er i  liten eller ingen grad oppfylt.
Publisert 24. jan. 2019 16:49 - Sist endret 10. okt. 2023 09:56