Instituttstyret

Styremedlemmer blir valde blant dei tilsette ved instituttet og studentane.

Instituttstyret blir valt for ein periode på 4 år. 

Samansetninga av styret er regulert av styrings- og administrasjonsreglementet for instituttet.

Styret har slik samansetning:

  • 4 fast vitskapleg tilsette (leiar og nestleiar inkludert)
  • 1 mellombels vitskapleg tilsett (stipendiatar og post.doc)
  • 1 teknisk/administrativt tilsett
  • 2 studentrepresentantar (som blir valde av studentane)
  • 1 ekstern

Det blir oppnemnt vararepresentantar for alle styremedlemmene.

Styremedlemmer i perioden 2021-2024

Representantar for dei fast vitskaplege tilsette

Representant for dei mellombels vitskaplig tilsette

Teknisk-administrativ tilsette

Studentrepresentantar

Eksternt styremedlem

Rolle

Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet. Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem. Alle møte i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades. Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, forskrifter og reglar som til kvar tid gjeld.

Saker

Dei fleste sakene styret behandlar er regulert i styrings- og administrasjonsreglementet for instituttet..

Styret behandler

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av styret sine instrument for å følgje opp verksemda.
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper osv. blir også behandla av styret, innanfor rammer som fakultetsstyret fastset.
  • Ved tilsetjingar av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmyndigheit ved tilsetjingar.
Publisert 28. sep. 2010 14:36 - Sist endret 4. jan. 2024 14:26