Christopher Sadorge

Universitetslektor/ ph.d.-kandidat
Bilde av Christopher Sadorge
English version of this page
Telefon + 47 22858053
Rom 581
Brukernavn
Besøksadresse Sem Sælands vei 7 Helga Engs hus 0371 Oslo
Postadresse Postboks 1092 Blindern 0317 Oslo

Faglege interesser

  • Arbeidslivslæring
  • Profesjonslæring og profesjonell ekspertise
  • Digitalisering

Eg er interessert i profesjonslæring og -kunnskap, og korleis aktørar med ulik bakgrunn og ulike roller kjem saman for å (vidare)utvikle felles teknologi og tenester.

I doktorgradsarbeidet mitt følger eg ei gruppe med helsearbeidarar frå bydelar, helsehus og sjukeheimar som designar og utviklar ein teknologi for å skape betre pasient- og informasjonsflyt på tvers av institusjonar.

Teknologiutviklinga er ein del av dette arbeidet til helsearbeidarane, men arbeidet deira handlar like mykje om å organisere helsetenestene på nye måtar som gjer at ein samhandlar betre.

Eg har ei etnografisk tilnærming der eg har følgt i ei designgruppe beståande av ein prosjektleiar, utviklerar og helseprofesjonelle frå dei ulike helseeiningane. Målet er å undersøke og forstå samarbeidet dei i mellom, då ein veit frå før at denne typen designarbeid kan vere utfordrande. Vidare vil eg undersøkje kva slikt ukonvesjonelt helsearbeid krev av kompetanse og ekspertise frå helsearbeidarane.

Undervising

Pågåande

Tidlegare

Utdanningsbakgrunn

  • 2018: Psykologiemne ved Stockholm Universitet
  • 2012–2014: Master i Kunnskap, utdanning og læring ved Institutt for pedagogikk, UiO
  • 2009–2012: Bachelor i Teknologi, organisasjon og læring ved Institutt for informatikk, UiO

Arbeidshistorikk

  • 2024–: Universitetslektor, Universitetet i Oslo (UiO)
  • 2020–2024: Doktorgradsstipendiat ved Institutt for pedagogikk, UiO
  • 2018–2019: Spesialpedagog ved Videdals Privatskolor, Malmø
  • 2014–2017: Rådgjevar ved Senter for IKT i utdanninga, Oslo
Emneord: Pedagogikk, Arbeidslivslæring, Digitalisering, Profesjonslæring

Publikasjoner

Se alle arbeider i Cristin

  • Sadorge, Christopher & Nerland, Monika (2023). Professional Learning in Design Work: Developing Patient Information Systems through Object Construction.
  • Sadorge, Christopher (2022). Collaborative work in designing a system for patient information sharing in health care.
  • Sadorge, Christopher; Nerland, Monika & Mäkitalo, Åsa (2022). New challenges for health professionals.
  • Sadorge, Christopher; Nerland, Monika & Mäkitalo, Åsa (2021). Categorisation work in the design of health information systems.
  • Sadorge, Christopher; Nerland, Monika & Mäkitalo, Åsa (2021). Negotiating categories in design work. A study of a team developing a patient information system .

Se alle arbeider i Cristin

Publisert 19. juni 2020 14:30 - Sist endret 24. juni 2024 14:55