Bringer arbeidslivet inn i undervisinga

Masterstudentane i pedagogisk-psykologisk rådgiving får i løpet av studiet fleire spanande møte med folk som jobbar i feltet. For kort tid sidan fekk dei besøk av to psykologspesialistar på campus.

To kvinner står og snakker med en gruppe av studenter som sitter rundt et bord i et klasserom.

Psykologspesialistane Margrethe Standal Gleditsch (f.v.) og Ylva Linde delte erfaringar med studentane i pedagogisk-psykologisk rådgiving. Dei har i mange år arbeidd med born og foreldre. Foto: Shane Colvin/ UiO

– Det er utruleg interessant å høyre på dei. Me kjenner til teorien frå førelesingane, men det er supert å få inntrykk av korleis dette ser ut i den verkelege verda, seier Ola Finsrud.

Han er masterstudent på første semesteret i pedagogisk-psykologisk rådgiving.

– På den måten er me betre budd på det som ventar når me kjem ut i jobb, legg han til.

19. september handsama Finsrud og medstudentane praktiske døme frå arbeid med barn, familiar og skule saman med psykologspesialistane Ylva Linde og Margrethe Standal Gleditsch.

Jobba i grupper med praktiske og verkelege døme

I eit heildagsseminar fekk dei mellom anna lære om utviklinga av hjernen, korleis erfaringar frå barndomen kan verke inn på oss som vaksne, og korleis ein – til dømes i Pedagogisk-Psykologisk Teneste (PPT)  – òg jobbar mykje med dei vaksne kring barnet.

Mannlig student med briller sitter ved et bord i dialog med andre som har ryggen til kamera.
Student Ola Finsrud har ein bachelorgrad i pedagogikk, og er no i gang med første semesteret på masterretninga pedagogisk-psykologisk rådgiving. Foto: Shane Colvin/ UiO

Mellom desse bolkane fekk studentane høve til å diskutere eit reelt døme frå den eine psykologen sitt arbeid med foreldra til barneskuleeleven «Ole».

– Slike døme gjer det mykje enklare å sjå for seg korleis arbeidet vert i praksis, seier Finsrud.

– Heile dagar som desse, der me får møte folk som jobbar i feltet, er nyttig. Eg set pris på at instituttet strekk seg for å gje oss slike tilbod, seier medstudent Mari Stavsholt.

Delte sine viktigaste erfaringar frå karrieren

Fagfolka håpar på si side at studentane vert inspirerte.

– Me ynskjer å nå fram med dei viktigaste erfaringane vi har gjort oss etter å ha arbeidd med menneske i mange år. Me deler dei beste råda våre, til dømes om kva det kan vere lurt å vere på utkikk etter, seier Ylva Linde som er spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi.

Til saman har ho og kollega Margrethe Standal Gleditsch brei erfaring frå mellom anna foreldrerettleiing, kommunal teneste for barn og familiar, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), distriktspsykiatrisk senter (DPS), barnevern og terapi for vaksne. Dei oppmodar studentane til å søkje arbeid der ein jobbar med rettleiing og støtte til familiar og skuler.

– Sjølv vert me aldri leie av jobben vår. Det finst så mange spanande og ulike menneske, og det gjev så mykje energi å jobbe med dei, fortel Gleditsch.

Psykologane seier det er ei gåve for dei å møte unge og engasjerte studentar som førebur seg på eit yrkesliv med stort ansvar og mange sjansar til å hjelpe folk.

Valde masteren fordi han var tett kopla til praksis

Fleire av studentane fortel at dei valde å fordjupe seg i pedagogisk-psykologisk rådgiving i masterutdanninga nettopp fordi retninga er tett kopla til praksis.

Som del av utdanninga, har studentane tre veker observasjonspraksis og åtte veker praksis i Pedagogisk-Psykologisk Teneste (PPT). I tillegg vert praktikarar, som dei omtala psykologspesialistane, henta inn i undervisinga.

Gruppe studenter i samtale rundt et seminarbord.
Når dei møter praktikarane frå arbeidslivet, får studentane handsame konkrete case frå arbeid med born og unge. På biletet ser me mellom andre Martine Nyheim (f.v.), Helene Ringøen Vikeså og Mari Stavsholt. Foto: Shane Colvin/ UiO

– Eg har tidlegare jobba i barnehage, og synest utviklingspsykologi er veldig spanande. Men då eg tok ein bachelor i psykologi, sakna eg meir praksis, seier student Mari Stavsholt.

Ho fortel at ein master i pedagogikk med den pedagogisk-psykologiske fordjupinga svara til desse interessene og ynsket hennar om ei tett kopling til praksis.

Motiverande å kunne førebygge 

Medstudenten Helene Ringøen Vikeså har òg ein bachelorgrad i psykologi frå før. Ho ser fram imot å jobbe med born og unge i framtida.

– Eg er veldig glad i ungar og synest utviklinga deira er kjempeinteressant. Når ein jobbar med ungar, kan ein påverke mykje fordi det som skjer i barndomen set så sterke spor, seier Vikeså.

Medstudent Ola Finsrud kjem frå ein bachelorgrad i pedagogikk.

– Eg er einig i at det er motiverande å jobbe førebyggande. Ein kan vere med å bidra til det positive, før det negative mønsteret har sett seg, legg han til.

Ideen kom frå studentane sjølve

Det er Institutt for pedagogikk ved Det utdanningsvitskapelege fakultetet som tilbyr masterprogrammet i pedagogikk og fordjupinga i pedagogisk-psykologisk rådgiving.

Professor Veslemøy Rydland er ein av dei fagansvarlege. Ho fortel at ekskursjonar til aktuelle arbeidsplassar og besøk frå ulike fagmiljø, som desse psykologspesialistane, er ein fast del av undervisinga i pedagogisk-psykologisk rådgiving. Studentane besøkjer også Senter for sjeldne diagnosar og Statped (Statlig spesialpedagogisk teneste).

Portrett av kvinne med langt, brunt hår.
Fagansvarleg Veslemøy Rydland. Foto: Shane Colvin/ UiO

– Ideen kom opphaveleg frå studentane for nokre år sidan. Nokre av dei var så nøgde med praksisplassane sine at dei spurte om ikkje alle studentane burde få bli kjend med dei, fortel Rydland. 

Ho seier at besøka gjev studentane høve til å sjå konkrete døme på korleis læringsperspektivet kjem inn i utviklinga til born.

– Studentane får øve på å tolke konkrete case ut ifrå kunnskap basert i forsking, til skilnad frå til dømes personlege erfaringar. Dei trener den kritiske tenkinga si når dei går systematisk gjennom ulike hypotesar for å løyse konkrete problem, seier Rydland.

– I tillegg får dei møte svært kunnige fagfolk som er gode førebilete for arbeid med pedagogisk-psykologisk rådgiving.

Les meir om masterprogrammet og studieretninga i pedagogisk-psykologisk rådgiving

Av Marit Eline Lervik Christensen, Institutt for pedagogikk
Publisert 28. sep. 2022 13:56 - Sist endret 28. sep. 2022 14:10