Søk plass på det nye pedagogikkemnet i berekraft

Vil du vite korleis design av ny teknologi i læringspraksisar kan bidra til berekraftig utvikling? Då kan du søkje plass på det nye pedagogikkemnet i UiOs berekraftsertifikat.

Ei kai med biler på og vann i forgrunnen av bildet. Bymiljø med boliger og blokker i bakgrunnen. Tangenkaia i Drammen.

I Drammen har ein lenge jobba med å utvikle områda kring vassdraget som renn gjennom byen. No ønskjer ein å få ungdom med på å utvikle Tangenkaia (på biletet) til noko meir enn ein stad for bilar. Nokre av studentane på det nye berekraftsemnet i pedagogikk skal jobbe med moglege løysingar på nettopp denne utfordringa. Foto: Anja Amundrud/ UiO

– I dette emnet får studentane jobbe med å løyse reelle utfordringar som eksterne oppdragsgivarar står i, fortel emneansvarleg Anja Amundrud ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Oslo (UiO).

Oppdragsgivarane i emnet PED 2505- Teknologi og design for bærekraftige læringspraksiser kan vere kommunar, skolar, museum eller andre aktørar som treng hjelp til å utvikle seg i enda meir berekraftig retning.

I vårsemesteret 2024 er dette to av dei:

Ombrukssenteret Omigjen i Asker når allereie godt ut til barnefamiliar, men korleis kan dei nå fleire ungdomar?

Tangen-kaia i Drammen er i dag ein stor oppbevaringsplass for bilar, men kan ein sosial innovasjonsprosess trylle ho om til noko heilt anna – som kjem byen til gode?

Bilde av en butikk med skiltet "omigjen". Biler utenfor.
Kva grep burde ombrukssenteret Omigjen (på biletet) ta for å trekke til seg fleire ungdomar? Kanskje finn studentane på det nye pedagogikkemnet i berekraft fram til den beste løysinga? Foto: Ole Smørdal/ UiO

Lærer designtenking som vert nytta i mange yrke

nettsida til PED2505 kan du lese at emnet gjev ei innføring i designtenking og designprosessar for omstilling.

Men kva tyder dette?

– Designtenking er ein metode som folk i mange ulike yrkesgrupper nyttar i arbeidskvardagen sin. Til dømes er det ei vanlig arbeidsform innan servicedesign, pedagogisk design, spel- og apputvikling og utstillingsdesign, forklarar Amundrud.

Bilde av mobilskjerm med appen appstore på
Ein apputviklar veit godt kva designtenking er.

Ho fortel at ein på første steget i designtenkinga eller designprosessen borar djupare i utfordringa ein skal løyse. Målet er å finne ut kva det eigentlege problemet er. Då observerer eller intervjuar ein gjerne oppdragsgivar og ulike grupper som har interesser i saka.

I steg to formulerer ein utfordringa ut ifrå det ein no veit.

Etterpå er det tid for å myldre idear, velje den beste og teste han ut som ein prototyp.

– Som oftast vil ein gå fram og tilbake i prosessen, medan ein testar ulike løysingar, fortel Amundrud.

Bachelorstudentar og masterstudentar jobbar saman i grupper

Emnet PED 2505- Teknologi og design for bærekraftige læringspraksiser koplar ikkje berre studentane til arbeidsgivarar. Bachelorstudentane får òg arbeide saman med masterstudentar.

Portrett av kvinne.
Anja Amundrud. Foto: UiO

– Vi har allereie god erfaring med eit liknande emne på masternivå, og desse masterstudentane skal no samarbeide med studentane på det nye emnet, fortel Amundrud.

Medan masteremnet gjev ti studiepoeng, gjev bacheloremnet fem studiepoeng. 

– Emnet vert avslutta med ein såkalla «Design Expo» der dei presenterer, eller pitchar, sitt løysingsforslag for oppdragsgivarane, forklarar ho.

Berekraftsertifikatet gjev ulike inngangar til berekraft

Ein kan ta PED2505 for seg sjølv eller som ein del av UiOs berekraftsertifikat. Emnet utgjer då fem av dei 20 studiepoenga i sertifikatet. 

Sertifikatet er eit tverrfagleg tillegg ein kan ta til bachelorgraden sin, altså på toppen av dei andre emna i graden. Emna i sertifikatet er henta frå fagfelta pedagogikk, fysikk, filosofi og helse – mellom andre. Sjå korleis UiOs berekraftsertifikat er bygd opp.

– Tanken bak det tverrfaglege sertifikatet er at berekraft ikkje kan sikrast av eitt fagfelt åleine. Vi treng ei tverrfagleg forståing, seier Amundrud.

Slik søkjer du om plass på emnet

Men ein treng altså ikkje ta emnet som del av berekraftssertifikatet. Ein kan òg ta det som ein del av bachelorgraden i pedagogikk eller andre studieretningar.

Du søkjer opptak til emnet på vanleg måte i Studentweb.

nettsida til emnet finn du meir informasjon.

Høyr podkast med førelesarane i emnet 

Det nye bacheloremnet er ein del av ei større satsing på berekraft ved Det utdanningsvitskapelege fakultetet. Berekraft er sentralt også i UiO sin strategi fram mot 2030.

Emneansvarleg Anja Amundrud og hennar kollegaer jobbar med fleire forskingsprosjekt kopla til berekraft.

Høyr podkasten Det grønne skiftet: En gamingekspert i hver kommune? for å få innblikk i eitt av prosjekta. I episoden snakkar Amundrud med forskarkollega Ole Smørdal og biblioteksjefen i Lillestrøm. Temaet er korleis ein kan nytte spel til å engasjere ungdom i den lokale klimapolitikken.

Både Anja Amundrud og Ole Smørdal er førelesarar i emnet PED2505.

Emneord: Bærekraft, Bærekraftig utvikling Av Marit Eline Lervik Christensen, Institutt for pedagogikk
Publisert 30. nov. 2023 14:36 - Sist endret 30. nov. 2023 16:19