Kan vi stole på språktestane?

Forskarar har undersøkt to kartleggingsinstrument som blir nytta i Noreg, for å identifisere språkforstyrringar hos barn i skulealder.  Berre den eine gjev eit presist svar.

To-åring som språktestes. Foto.

Språktestar er viktige reiskap for å fange opp barn som strevar med språket. (illustrasjonsfoto: Shane Colvin / UiO)

Saken ble først publisert på forskning.no

Barn med svake språkferdigheiter ved skulestart, risikerer å bli hengjande etter både sosialt og faglig. Ulike typar språkvanskar krev ulike typar tiltak. Difor er det viktig å finne årsaken til kvifor eit barn strever med språket. 

Kan det være ein utviklingsmessig språkforstyrring? 

Utviklingsmessige språkforstyrringar blei tidligare kalla spesifikke språkvanskar, og er noko som ofte varar ved heile livet. Personar med denne diagnosen har ofte vanskar med å lære seg nye ord, gjør grammatiske feil og  har vanskar med å forstå kva andre seier i språklig krevjande situasjonar. Vanskane får ofte konsekvensar for utdanning og seinare arbeidsliv. Det er difor viktig at vi kan finne dei barna som har denne vansken for å kunne gje best mulig hjelp.

Bildet kan inneholde: person, ansikt, smil, yttertøy, ansiktsuttrykk.
Eira Troneng Akselberg, logoped og spesialpedagog. (Foto: UiO)

– Ein språktest kan seie noko om eleven sine språklege ferdigheiter, samanlikna med barn på same alder. Difor er det et veldig viktig verktøy som kan hjelpe logopeden og spesialpedagogen å avgjere kva slags tiltak barnet kan ha bruk for, forklarar Eira Troneng Akselberg.

Akselberg jobbar som logoped og spesialpedagog i ein barnehage. Ho har skrive ein forskingsartikkel basert på sin masteroppgåve ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO.

Saman med sin prosjektleiar Janne von Koss Torkildsen, professor ved same institutt, samt rettleiar og rådgjevar Jannicke Karlsen og rådgjevar Stian Valand ved Statped sørøst, avdeling språk/tale, har Akselberg undersøkt to kartleggingsinstrument som blir nytta i Noreg for å identifisere språkforstyrringar hos barn i skulealder.

Sidan instrumenta hyppig blir nytta til å stadfeste eller avsanne ein mistanke om språkforstyrring, såg forskarane eit behov for å undersøkje om kor gode dei er til å fange opp dei rette barna.

– Ingen hadde forskingsmessig undersøkt dei versjonane og normene av instrumenta som var utvikla for norsk, så det var på høg tid at nokon gjorde det.

Korleis måler vi presisjonen i testane?

Forskarane samanlikna dei to instrumenta “Clinical Evaluation of Language Fundamentals, Fourth Edition” (CELF 4) og “Children’s Communication Checklist, Second Edition” (CCC-2).

Spørsmåla dei ville ha svar på var:

1. Tilfredsstiller dei norske versjonane av kartleggingsverktøya gjeldande krav til sensitivitet og spesifisitet for identifisering av språkforstyrringar hos barn i skulealder?

  • Sensitiviteten er sannsynet for at testen fangar opp barn med språkforstyrringar.
  • Spesifisiteten er sannsynet for at testen korrekt klassifiserer dei som ikkje har ei språkforstyrring.

2. Korleis vil ei justering av terskelverdien til CCC-2 påverke instrumentet sin sensitivitet og spesifisitet?

Utvalet bestod av:

  • 21 barn i alderen 5 til 12 år med påviste utviklingsmessige språkforstyrringar
  • 21 barn med typisk utvikling. Desse var parvis matcha med barna med språkforstyrringar på alder, kjønn og non-verbal IQ.

Viktige resultat

Resultata viste at

  • CELF-4 møtte anbefalte verdiar for både spesifisitet og sensitivitet
  • CCC-2 identifiserte berre to tredelar av deltakarane med utviklingsmessige språkforstyrringar.

– Den skandinaviske versjonen av CELF-4 ser ut til å vere godt egna til identifisering av utviklingsmessige språkforstyrringar i ein norsk kontekst, seier Akselberg.  

Akselberg presiserer  at resultata i tillegg tyder på at CCC-2 ikkje bør bli nytta aleine til å avgjere om barn med mistanke om utviklingsmessige språkforstyrringar skal bli kartlagt vidare.

– Å bruke berre CCC-2 kan føre til at barn som har behov for språklege tiltak ikkje blir fanga opp. Ei justering av terskelverdien førte til betre sensitivitet for CCC-2, og dette kan undersøkast vidare i framtidige studiar.

Kilde

Eira Troneng Akselberg, Jannicke Karlsen, Stian Valand, og Janne von Koss Torkildsen (2021):  HVOR GODT KAN CELF-4 OG CCC-2 IDENTIFISERE UTVIKLINGSMESSIGE SPRÅKFORSTYRRELSER? NORSK TIDSSKRIFT FOR LOGOPEDI 2/2021.

Les også:

Clinical Evaluation of Language Fundamentals, Fourth Edition CELF 4

Testen ble opprinnelig utviklet i USA i 2003, men er oversatt og tilpasset skandinaviske forhold, og normert på et skandinavisk utvalg i 2013

CELF-4 blir brukt for å vurdere barns språkkompetanse og basert på testresultatene vurdere tiltak består av tretten deltester som kan sammenfattes i sju indekser: grunnleggende språkferdigheter, reseptivt språk, ekspressivt språk, språklig innhold, språklig struktur, språklig hukommelse og arbeidsminne.

Hovedindeksen i CELF-4 er Indeks for grunnleggende språkferdigheter (IGS). Indeksen dekker et spekter av språkferdigheter, inkludert grammatikk, språklig hukommelse og ord- og begrepsforståelse og benyttes som et første steg i en vurdering av en mulig språkforstyrrelse. Gjennomsnittet i normeringsutvalget er 100 og standardavviket 15.

Terskelverdien er 85 (1 standardavvik under gjennomsnittet), hvilket betyr at en IGS-skåre under 85 indikerer en språkforstyrrelse.

Se også

  • Maia Kase Corona har språkvansker. Hvordan er det?

Maia Kase Corona er 30 år og har språkvansker. Hennes språkvansker ble heldigvis oppdaget tidlig. Her forteller hun hvordan det er å ha språkvansker og hvilken hjelp hun har fått i barnehagen og skolen. Corona gir også noen gode råd til deg som har språkvansker og strever på skolen.

 

(Videoproduksjon: Shane Colvin/UiO)

  • Maia Kase Coronas tips til lærere

Maia Kase Corona gir lærerne tips om hvordan de kan hjelpe elever med språkvansker:

 

(Videoproduksjon: Shane Colvin/UiO)

  • Forskere om barn med utviklingsmessige språkvansker

Se filmen hvor tre professorer ved Institutt for spesialpedagogikk forklarer hvordan språkferdigheter er viktig, og hva forskning på barn med utviklingsmessige språkvansker viser.

 

(Videoproduksjon: Shane Colvin, UiO)

Av Marika Vartun, Julia Boesen og Sibel Thorsen
Publisert 7. sep. 2021 15:11 - Sist endret 28. aug. 2023 14:57