Bakgrunn for prosjeketet
- Afasi er ein aukande tilstand hos befolkninga, og kvart år er det om lag 5000 personar som får afasi. Kven som helst kan bli ramma av afasi, men ein ser ein aukande tilstand hos dei eldre.
- For å kunne yte god behandling etter afasien, arbeidar norske logopedar med å kartleggje og undersøkjar kva for vanskar afasien har medført.
- Minoritetsspråklege personar er ein aukande gruppe menneskjer som bur i Noreg. I 2017 tilsvara dei minoritetsspråklege 884 000 personar, noko som utgjorde den gong 16,8% av befolkninga (Sandnes, 2017). Tala per dags dato er nokk høgare enn dei var i 2017.
- Med aukande tal på afasiramma personar, samt aukande tal på minoritetsspråklege personar er det ikkje uvanleg at også disse kan bli ramma av afasi.
- Minoritetsspråklege afasiramma personar blir møtt av logopedar som skal hjelpe dei. Alt her kan utfordringar starte, spesielt viss ikkje dei minoritetsspråklege kjenner til det norske språket.
Formål
Målet med dette prosjektet er å utvikle kunnskap om logopedane sine erfaringar i arbeidet med minoritetsspråklege afasipasientar. Der kunnskapen om arbeidet blir spreidd til logopedar som skal arbeide med denne pasientgruppa.
Metode
- Dette er eit forskingsprosjekt som har sin bakgrunn i masteroppgåve som skal utarbeidast av studenten Paulina Kudyba. I forskingsprosjektet vil Kudyba gjennomføre kvalitative semi-strukturerte intervjuar med logopedar. Hennes rettleiar er Melanie Kirmess, førsteamanuensis ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO.
- Intervjua vil bli gjennomført fysisk eller via zoom, etter avtale med informant. Intervjuet baserer seg på ein samtale mellom student og informant, om logopeden sine erfaringar i arbeidet med minoritetsspråklege afasipasientar.
- Blant anna vil det samtalast om korleis kommunikasjonen med pasientane er, arbeidsrutinar og førebuing til arbeidet med minoritetsspråklege afasipasientar.
- Alt av opplysningar som kjem fram i intervjuet vil bli anonymisert, og informantane som deltar får fiktive namn i masteroppgåva.
- Prosjektet følgjer UiO sine reglar for personvern og er godkjent av SIKT, referansenummer 688512.
Informasjonsskriv
Informasjon om prosjektet finn du her: Informasjonsskriv til informanter
Prosjektets framgang & kontakt
- Rekrutteringa av informantar er i sin startfase.
- Ynskjer du å delta, eller har spørsmål ta gjerne kontakt med Paulina Kudyba.