Jonasprisen 2023 til HELT MED: Gjer det NAV ikkje klarte åleine

Stiftelsen Helt Med har skapt over 250 ordinære arbeidsplassar til arbeidshungrige personar på uføretrygd. No vert det lagd ein ny modell i NAV, inspirert av Helt Med-modellen.

Jobbspesialist og arbeidstakar saman med hest

– Ei glede i kvardagen å vere saman med dyra! Du får tankane på noko heilt anna og tida går fort, seier Pernille som er stallmedarbeidar ved Alna Ridesenter, her saman med Betzy og jobbspesialist Kenan Hadzijusufovic. Foto: Shane Colvin / UiO

På Alna Ridesenter rett utanfor Oslo står lufta stille denne varme juniføremiddagen. Stallmedarbeidar Pernille Sofie Bjerknæs (26) har vore på jobb ein time allereie.

Ho har svart på hestane si bøn om å sleppe dei ut i ein av luftegardane utanfor stallen. Der går dei og grasar medan Pernille gjer seg klar til å møke.

– Jobben min betyr alt for meg, seier ho. – Tenk kor kjedeleg eg hadde hatt det om eg ikkje kunne kome hit. Det er så mange i min alder med lærevanskar som sit heime og ikkje har noko å gjere, noko å gå til. Dei berre sit i sofaen. Eg synest synd i dei, seier ho.

Funksjonshindra: ein person som er hindra frå full samfunnsdeltaking på grunn av manglande tilrettelegging. (NOU 2023:13)

Sjølv var Pernille så heldig at ho gjekk rett til hestelivlinja på Peder Morset Folkehøgskule etter vidaregåande. Sisteåret på folkehøgskulen hadde ho arbeidstrening, noko som innebar ei arbeidsreise til Kairo om våren, ein tur som har brent seg fast i minnet hennar.

Ho hadde knapt landa på Gardermoen før ho blei oppringt av Helt Med. Dei ville ha ho inn til intervju på Alna Ridesenter. Med ein gong.

– Men eg måtte jo heim og skifte først, eg måtte ta av meg sommarkleda. Dette var i mars og det var kaldare her enn i Kairo. Så eg drog heim og kledde på meg, og så køyrde mamma meg til ridesenteret.

Resten er historie. Pernille har no arbeidd ved ridesenteret i fire år og elskar det.

– Eg har fått draumejobben, og det er eg glad for. Eg skulle ønske at regjeringa ville fokusere meir på oss som har lærevanskar slik at fleire kan få seg ein jobb. Utan Helt Med hadde eg ikkje hatt noko å gå til i dag, seier ho.

Ikkje inkluderande nok

Ikkje alle er så heldige som Pernille. Berre ein av fire personar med utviklingshemming har ein jobb å gå til, og nesten ingen av desse stillingane er i ordinært arbeidsliv. Langt under halvparten av dei 108 000 funksjonshindra arbeidstakarane med heil eller delvis arbeidsevne, er sysselsette i dag, ifølgje Statistisk sentralbyrå og NOU 2023: 13 På høy tid.

– Norsk arbeidsliv er langt frå så inkluderande som det burde vere. Det er på høg tid at alle får bli med i arbeidslivet, seier dagleg leiar Jarle Eknes i stiftelsen Helt Med.

Dette har han og stiftelsen arbeidd målmedvite med i seks år. Til no har dei bidratt til å opprette over 250 ordinære stillingar for arbeidslystne uføretrygda i over 40 norske kommunar, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. Mange av desse personane fekk aldri vurdert arbeidsevna si før dei blei sett på uføretrygd.

– Forsking viser at vi som samfunn ikkje har lykkast godt nok med å gi utviklingshemma og andre med funksjonshinder moglegheit til å delta i arbeidslivet, fortel professor Øistein Anmarkrud ved Institutt for spesialpedagogikk og juryleiar for Jonasprisen.

– Gjennom sin gode modell for oppfølging av arbeidstakarar og arbeidsgivarar har stiftelsen Helt Med på ein truverdig og naturleg måte vist at ingen treng å vere utanfor, og at alle menneske har viktige ressursar som bør komme samfunnet til gode, seier han.

– Vi trekkjer oss aldri ut

Det er fleire enn Jonasprisjuryen som har lagt merke til stiftelsen: Jarle Eknes og Helt Med blei nemnd i statsministerens nyttårstale, noko som førte til audiens i TV-programmet Lindmo, og dei har vunne to prisar tidlegare i år. I vinter blei dei til dømes kåra til årets sosiale entreprenør av Ferd.

– Då vi utvikla Helt Med-modellen, hadde vi som mål å endre NAV. Vi ville vise kva som skulle til for å lykkast med arbeidsinkludering i ordinært arbeidsliv for vår målgruppe, og at vår måte å gjere det på kunne bli et nytt verkemiddel i NAVs verktykasse. Det har Stortinget no vedtatt at skal skje, fortel Jarle Eknes. Foto: Shane Colvin / UiO

Arbeidsinkluderingsmodellen, som er utvikla av Jarle Eknes og partnar Jann Aasbak, er enkel: Helt Med samarbeider med nye arbeidsgivarar om å snikre i hop ei stilling bedrifta treng og som ein funksjonshindra kan utføre. Dernest tek stiftelsen ansvar for rekrutteringsprosessen og den fire vekers praksisperioden. Etter fire veker vert åtte av ti tilbydd fast jobb.

Først då skal dei lønast av arbeidsgivar, og då skal dei ha minst 20 prosent av ordinær tariff oppå uføretrygda. Jobbspesialistane gir seg ikkje med dette: dei følger opp arbeidsgivar og -takar utan tidsavgrensing.

– Dette er det unike med oss: Vi er ikkje med på eit stunt for å få i gang eit arbeidsforhold og ei lita stund etterpå. Vi trekkjer oss aldri ut, seier Eknes.

Målet framover er å skape minst hundre nye arbeidsplassar for denne målgruppa kvart år.

– Eit kollektivt ansvar

Kva er eigentleg ein jobb? Det er ein stad for sjølvrealisering og inkludering. Det er helsefremjande og motverkar fattigdom. Å ha folk i arbeid, gjer det dessutan mogleg å finansiere velferdsstaten. Alt dette er sjølvsagt.

Det er med andre ord eit stort tap, både for den einskilde og for storsamfunnet, at berre ein av fire med lærevanskar eller funksjonshindringar er i jobb.

Anslag viser at 15 prosent av dei funksjonshindra ikkje har nokon aktivitetar å gå til i det heile tatt. Og av dei som er i arbeid, er åtti prosent i tilpassa arbeidsforhold. Enkelte ekspertar meiner stiftelsen Helt Med har gjort den jobben det offentlege burde gjort heilt frå starten av.

Kvifor såg psykologen Jarle Eknes på det som sitt personlege ansvar å inkludere denne gruppa i arbeidslivet?

– Det er rett og slett veldig ugreitt at folk med lærevanskar ikkje slepp til i arbeidslivet. Først og fremst er det eit kollektivt og statleg ansvar å løyse dette. Når staten ikkje heilt fekk det til sjølv, var min tanke at enkeltpersonar som bryr seg, bør bruke engasjementet til å skape endring, vise kva som er mogleg, seier han.

Gode nok til å laste tørrfisk 

Etter den store satsinga på 1990-talet blei utviklingshemma sakte fortrengt og gløymd. Ikkje på grunn av vond vilje eller ei villa utvikling, skal vi tru Eknes.

– Vi berre slutta å tenke på dei, seier han.

Eknes trur dermed ikkje at målgruppa blir heldt utanfor arbeidslivet på grunn av dårlege haldningar og framandfrykt.

– Mest av alt ser eg ei sterk inkluderingsvilje. Problemet er snarare at arbeidsgivarar manglar dei rette verkemidla, seier han.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) har spurt 500 arbeidsgivarar kva dei tenkjer om denne gruppa. Undersøkinga stadfestar Eknes si erfaring; blant anna er det store kunnskapshòl om tilrettelegging.

Hans eige første møte med personar med utviklingshemming var då han som ung arbeidde med lasting og lossing av tørrfisk i Bergen på 1980-tallet. Dette var på eit tid der funksjonshindra var svært dårleg integrerte i samfunnet. Men på kaia arbeidde han side om side med utviklingshemma som gjorde det same tunge, fysiske arbeidet som han sjølv.

– Det var så fint! Slike arbeidsplassar er stort sett vekke no, men det finst mange ordinære arbeidsplassar der funksjonshindra kan bidra også i dag. For det er klart dei kan bidra, seier han.

Vi spolar fram til Bergen anno 2019: Eknes og Aasbak bygger ein organisasjonen som skal trygge arbeidsgivarar til å opprette stillingar for personar på uføretrygd. Kort tid etter er solide arbeidsforhold eit faktum og dei gode historiene spreier seg. Og snart er modellen deira ein del av NAV-tiltaka.

Ein heilt vanleg jobb

På Eiganes skule i Stavanger er det stille når vi besøker dei i juli, heilt til nokre smågutar susar gjennom skulegarden på sparkesyklar. Dei hoiar då dei får auge på Adam Berge (24) og spør om SFO er open. Servicemedarbeidaren kjenner dei fleste ungane på barneskulen. Han ser dei både i friminutta og av og til i timane.

Adam Berge. Foto
Adam Berge er ikkje berre fast tilsett servicemedarbeidar ved Eiganes skule i Stavanger, der han blant anna sørger for trygge leikeapparat for dei minste. Han er også ambassadør for Helt Med lokalt i Rogaland og under Arendalsuka nasjonalt. No gler han seg til å flytte inn i si eiga leilegheit som står ferdig neste år. Foto: Monica Bjermeland / UiO

– Innimellom går det litt skeis for ein og annan i timen. Då skjer det at eleven blir send til kontoret mitt. Eg tek eleven med på det eg driv med nett då, anten det er å skru fast pultar og stolar som har lausna eller bære ut avfall, og så pratar vi om det som har skjedd. Dei likar det og luftar gjerne frustrasjonen sin til meg, fortel Adam.

Då han sjølv var elev ved Randaberg vidaregåande fekk han prøve seg i ei sokalla VTA-bedrift (varig tilrettelagt arbeid i skjerma verksemd) som arbeidstrening. Der kunne han nok heldt fram, men rett før han var ferdig, gjorde ein rådgivar han merksam på stillingsannonsen til Helt Med. Den måtte han berre søke på. Det var jo ein heilt vanleg jobb!  

– Eg var eigentleg drit lei skule etter å nett ha fullført tretten år, men å vere elev på ein skule og å arbeide på ein skule kan ikkje samanliknast. Som tilsett har eg stor sjølvstendigheit, fortel han.

– Og samhaldet med kollegaene er veldig bra, det betyr alt, det gjer at vi klarer å løyse alle dei vanskelege oppgåvene, seier han.

Vil ha fleire funksjonshindra inn i politikken

– Å bli tatt på alvor som arbeidstakarar i ordinært arbeid gir ei kjensle av likskap, av å bety noko som medborgar på lik linje med alle andre, seier jobbspesialisten i Rogaland, Hanne Kluge, som har ansvaret for å følgje opp Adam og over tjue andre arbeidstakarar i regionen.

Kluge er svært opptatt av likeverdsaspektet i stiftelsen. Ho reflekterer vidare:

– Dette vekker også eit engasjement i dei. I Helt Med opplever vi arbeidstakarar som nærast boblar over av engasjement! Adam er eit strålande døme. Han har utfordra politikarane både på stortingsnivå og lokalt til å få fleire borgarar ut i arbeid. Arbeidsforholdet hans er i ferd med å skape ringverknader lagt utanfor Eiganes, seier ho.

Adam Berge og Hanne Kluge i ein sofa. Foto
– Adam er utruleg snill, fortel jobbspesialist Hanne Kluge, – difor har han fått eit spesielt ansvar også som frivillig i Helt Med, for å organisere bli kjend-aktivitetar for andre arbeidstakarar i regionen. Han er med på alle dei ulike sosiale aktivitetane vi har, og har eit spesielt ansvar for at alle blir sett og inkludert. Foto: Monica Bjermeland / UiO

Adam smiler av framsnakkinga, men berre eit augeblikk.

– Ein ting er det politikarane seier til meg, ein annan kva dei gjer, seier han.

Så kva ville han sjølv gjere om han fekk vere ordførar i Stavanger for ein dag?

– Vi treng mange fleire Helt Med-stillingar, gjerne tjue-tretti nye i løpet av dei neste åra, så eg ville kanskje byrja der, seier han raskt. – I tillegg er ikkje Stavanger så godt tilrettelagt for funksjonshindra som han burde vere. Og lesestoff kan vere vanskeleg: Om informasjon var lettare tilgjengeleg for menneske med lærevanskar, ville vi truleg styrka opplevinga av medborgarskap og deltaking i val og offentlege samtalar.

Full dekning innan fem år?

Tilbake på Alna ridesenter er Lenda, som Pernille vil ta seg ein ridetur med, stri denne dagen, kanskje på grunn av varmen. Har ho alltid vore like glad i dyr?

Pernille Sofie Bjærknes. Foto
Pernille Sofie Bjerknæs. Foto: Shane Colvin / UiO

– Interessa byrja eigentleg i barnehagen, der eg rei på hestar og sånn. Eg har alltid drøymd om å jobbe med dyr, seier ho og prøvar å kome seg opp på Lenda for tredje gong.

– Det er den stemninga kring hestar. Eg snakkar med dei, ikkje sant? La oss seie at du har ein dårleg dag. Då kan du berre prate med ein hest, og så blir det ein god dag etterpå. Dei høyrer etter, og dei har sine eigne meiningar, men dei seier aldri noko vidare, fortel ho. 

Ein av kollegaene kjem bort og held hesten i grima. Dei har kvar sine arbeidsoppgåver, får vi vite, og for Pernille sin del går det i å møke, fôre betfiber, fôre høy, sleppe inn hestar, sleppe ut hestar, skifte vasskar, tømme vasskar.

Etter at Lenda og Pernille har gått ein tur over brua og attende, er det inn att i stallen. Sele av. Fôre. Drikke. Så skal dyret striglast. Pernille tek seg god tid. Skravlar med hesten. Kva ville ho studert om ho kunne tatt meir utdanning?

– Litt om hest og om massasje og sånt, seier ho. – For eg er god til å massere.

Ekspertutvalet bak NOU 2023: 13 På høy tid er like urolege som FN over Noregs manglande ambisjonar for funksjonshindra. Dei meiner at NAV må slutte å gi unge utviklingshemma full uføretrygd så fort dei vert myndige, og viser til fleire prosjekt kor målgruppa bidrar godt i det ordinære arbeidsliv og på arbeidsgivarars reelle behov.

Full dekning innan fem år, føreslår dei til regjeringa.

Om Jonasprisen

Jonasprisen er ein ærespris etablert i 1984 som årleg vert tildelt ein person, organisasjon eller institusjon som har medverka til å skape eit romslegare og meir tolerant samfunn, der menneskeleg variasjon og personlege særtrekk vert sett på som ein rikdom og ikkje eit problem. Æresprisen er kalla opp etter Jens Bjørneboes roman, Jonas, frå 1955. Det er Institutt for spesialpedagogikk som deler ut prisen.

Juryen: Øistein Anmarkrud (leder), Ona Bø Wie, Ellen Irén Brinchmann og Grete Indahl.

Nokre tidlegare vinnarar: Johann Olav Koss, Margreth Olin, Lars Monsen, Wenche Foss, Ingvar Ambjørnsen, Herbjørg Wassmo, Simon Flem Devold, Kjersti Horn, Pøbelprosjektet, Mari Storstein, Leo Ajkic og NRK Super.

Emneord: Jonasprisen, jonasprisen 2023, Arbeidsliv, inkludering, uføretrygd, Spesialpedagogikk Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 29. aug. 2023 14:13 - Sist endret 30. aug. 2023 12:28