Ikkje skriv, les!

Bokråd

Bildet kan inneholde: blomsterpotte, gjøre, utgivelse, emballasje og merking, elektrisk blå.

PDF

Frankenstein eller den moderne Prometevs ble omsatt på nytt til nynorsk av Øystein Vidnes i 2016. Mary Shelley skreiv boka da ho var 19 år i 1818, og boka er ein sann roman av si tid. Shelley ei nesten uhyggeleg evne til å fortelje om eiga samtid og framtida, der nye konfliktar oppstår i lys av den raske industrialiseringa og utviklinga av vitskapen. 

  

Boka er ein fryd! Sjølv om komposisjonen til Shelley er noko krevjande, klarar Vidnes å føre eit enkelt språk som samstidig ikkje gjer skam på forfatteren. Dei tidvis groteske skildringane gjer seg godt i Vidnes’ penn, og vil også mellom anna høve seg til høgtlesing. 

 

Dette er ei utradisjonell bokmelding der eg i stor grad skriv om mykje som ikkje handlar om sjølve boka, men eg lovar at eg har eit poeng. Eg vil med denne bokmeldinga kome med eit forslag til norsklærarar i alle aldre, med ulike mengder studiepoeng i nordiske fag og med ymse forhold til nynorskundervisninga slik ho fungerer i dag: 

  

Ikkje skriv, les! 

  

Nei, seier du kanskje, det går berre ikkje. Elevane skal enn så lenge ha tre norskkarakterar når dei går ut av båe ungdomsskolen og vidaregående, og da må elevane skrive. Derfor er ikkje meininga mi med dette innlegget riktig så unyansert heller. 

  

Sjølv er eg glad i nynorsk, og eg ser verdien av å lære to målformar. Samtidig må eg erkjenne at eg er eit produkt av oppveksten min der eg hadde stor tilgang på bøker. Opplæringa i fellesskolen skal ikkje vere best tilpassa dei som har mykje bøker heime. 

  

Eit anna problem for nynorskundervisninga i skolen, er at mange lærarar ikkje kan nynorsk godt nok. Da meiner eg ikkje berre at ein må slå opp ord i ordboka no og da, men at ein rett og slett ikkje har hatt nok kapasitet til å sjølv bli glad i målforma. Mange lærarar i skolen i dag har sjølv hatt nynorskundervisning der grammatikk har teke stor plass. Eg vedgår at det er viktig med grammatikk, men det er også viktig at vi innser at vi lev i ei tid der elevane lastar ned programvare som omset tekstane deira utan at dette blir oppdaga. I tillegg er det mange som har skrive om at plassen vi lèt grammatikken ta i språkundervisninga kanskje ville vere betre brukt til noko anna. 

  

Forlaget Skald lanserte for nokre år sidan bokserien «Nynorske klassikarar». Føremålet med denne bokserien er å på nytt omsetje litterære kjempar til nynorsk. Ikkje berre er bøkene frå bokserien særs vakre, men språket er også godt. Eg trur oppriktig at høgtlesing av kortare og lengre tekstar bør vere sentralt i norskfaget, på alle trinn. Det er store skilnader i kor mykje elevane har blitt lest for og kor mykje dei sjølv les på fritida. Dette er også eit klassespørsmål i tillegg til rein norskopplæring. Kven har tilgang på bøker? Viss ein ikkje er vand med å lese, vil ein ikkje plutseleg vakne ein dag som lesehest.  

  

Frankenstein, anten ved tekstutdrag eller filmatiseringar, er mykje brukt i vidaregåande skole, fordi elevane likar sjangeren. Det har vore laga utallege skrekk-og science fiction-filmar der målgruppa er ungdom, og Frankenstein er ein roman som fortsatt er vel verd å lese. Sjølv om han er eit ypperleg døme på ein roman frå romantikken, er han ikkje keisam eller vanskeleg å lese.  

 

Vidnes’ omsetjing er særs god. Eg likar spesielt korleis han har klart å kombinere Shelleys penn med ei levande nynorsk språkdrakt. Denne utgåva av Frankenstein gir lærarar ein gylden moglegheit til å lese fleire nynorske tekstar i skolen. 

 

 

 

 

 

 

Av KRISTIN TORMODSDATTER HYLLAND
Publisert 9. des. 2021 00:00