«Undercoverstudentane» på ILS

Bildet kan inneholde: bygning, vindu, har, himmel, solhatt.

PDF

Det er kveld og sjølv om temperaturane tydleg varslar at hausten er på veg, så er det varmt inne på Helga Engs. Varmt er det ikkje minst i kantina for der er det ei gjeng som trener på rockesving, framleis med koronaavstand. Litt
kjølegare er det i etasjen over. Der er det fleire studentar som har det første
seminaret på campus så langt i studieløpet Dei fleste er godt vaksne. Alle
har dei ein mastergrad med seg. Fleire har til og med både 60 og 120 ECTS
i pedagogikk i bagasjen sin. Berre at Udir for fleire av dei var lite nådige med
godkjenninga. Studentane veit allereie nå at dei har klart minst 1/3 det av studiet sitt utan ein einaste gong å møte opp på Blindern.
«Praktisk-pedagogisk utdanning på deltid» heiter studiet deira og det er
skjeldan du kjem til å møte dei om ikkje du finner dei kl. 21 når dei febrilsk
prøver å kome seg ut av bygget. Mange av dei har nemleg ikkje studentkort.
Administrasjonen der dei kunne har fått den stenger lenge før dei kjem, mens
dei framleis er på jobb for å brødfø familiane sine.
Den «typiske studenten på PPU-deltid» har ein full jobb ved sidan av, nokre
som vikar i skulen, andre som ingeniør, i administrasjonen, som tolk og
overrettar, prest, samfunnsvitar, eller, eller, eller. Til felles har dei at dei ynskjer
å jobbe i skule eller vaksenopplæring i framtida, at dei ofte jobbar 60 timars
veker for å få dette til og at dei er «undercoverstudentar». For administrasjonen og SiO er dei vanlege studentar, men dei lever eit heilt anna liv enn dei
«synlege studentane». Dei har som regel ikkje tid til å oppleve ei «renessanse», ein gjenfødsel av det det sosiale livet på campus. For mange av dei er
det mange år sidan dei sist var ein del av det.
Eg er ein disse studentane og for meg, som for fleire av medstudentane
mine, har nedstenginga i koronatida også vært ei velsigning. Det er krevjande
å følgje med på både seminar og forelesningar gjennom Zoom. Men Zoom
har ein stor fordel: Den sparer både oss og miljøet for reiser. Ofte er det rett
frå jobb og gjennom køen inn til Oslo og Blindern for å rekke seminaret som
startar kl. 17 og når ein av dei venlege rockeswingdansarane har sloppe meg
ut etter seminaret ein gong etter kl. 21, då er det framleis fleire mil og nesten
to timar før eg er heime. Kl. 6 neste morgon må eg opp att og gjere meg klare
til å møte klassen min på skulen. Men når eg står der om morgonen er det
kanskje framleis foten min som vipper i rockeswingtakten frå kvelden før.
Den husker tida før eg var ferdig med min første master og unner den yngre
generasjonen av studentane det eg ikkje har tid til.
Tid er eit viktig gode og det er nok derfor fleire av oss saknar nokre sider med
koronatiltaka. Som pedagogar forstår vi godt at lærarane gjerne vil møte
oss ansikt til ansikt, men eg er glad kvar gong eg kan delta på noko digitalt
frå heimekontoret mitt. Å få lov til å unngå fleire timer i bil har ein verdi i seg
sjølv. PPU-deltid er eit flott studie og fleire av oss håper at ILS kan ta vare på
mykje av den kompetansen dei tileigna seg under Covid-19 slik at studiet i
framtida blir tilgjengeleg som eit nesten heildigitalt studie og gjennom dette
også for dei som bur litt lengre ut på landet og opp i dalane. Og det er ikkje
berre rundt dei større byene det trengs gode og kvalifiserte lærarar.
 

Av Michael Fjørtoft Hoffmann
Publisert 14. des. 2021 00:00