Rekordmange ville bli fadder

– Vi måtte faktisk seie nei til fleire, fortel koordinator Joachim Pacheco-Lie. Heile 150 ville bli fadder ved UV-fakultetet i år, dobbelt så mange som i 2019 og ein all time high.

Tre glade fadrar i raud UiO-T-skjorte på campus. Foto.

Foto: Shane Colvin / UV

– Fakultetet har aldri hatt så mange fadrar som i år. Vi hadde rett og slett for mange som ville, fortel Joachim Pacheco-Lie, leiar for UV-studieinfo og faddersjefane ved Det utdanningsvitskaplege fakultet (UV-fakultetet).

Fokuserer på å sjå kvart enkelt fadderbarn

Han har hatt hektiske dagar denne veka, men jublar over å ha studentar vrimlande rundt seg att. Enkelte av faddergruppene dei hamnar i, har like mange fadrar som nye studentar.

– Med fleire fadrar har vi hatt moglegheit til å lage mindre faddergrupper og fokusere på å sjå kvar enkelt student i gruppa, seier Pacheco-Lie.

Glad fadder med raud skjorte. Foto.
– Det er alltid kjekt å bli kjent med nye studentar og hjelpe dei inn i studielivet. Dette er kjempeviktig arbeid uavhengig av pandemiar, seier superfadder Edvard Storm Hanssen. Foto: Shane Colvin / UV

Komande lektor Edvard Storm Hanssen er ikkje berre ein av årets 150 fadrar, han må kunne kallast ein superfadder. Dette er tredje året på rad han stiller opp for nye studentar. Hanssens metode er å ikkje sleppe taket i dei for tidleg, og i alle fall ikkje etter berre ei veke – som er den normerte fadderveketida.

– Eg ynsker å halde kontakta med fadderbarna mine så lenge som mogleg, hjelpe dei i det vidare studieløpet også, om eg kan. Seie hei og slå av ein prat når eg ser dei, hjelpe dei med faga og kursa. Det kan ikkje undervurderast kor viktig det er å få nye studentar til å føle seg velkomne, meiner han.

Caysa Eline Skautvedt, ei av Storm Hanssens ferskaste fadderbarn, seier ho allereie føler seg godt knytt til medstudentane i faddergruppa.

– Kva forventar du av fadderen din vidare?

– Å møte meg med eit smil når eg ser han, kanskje vere tilgjengeleg for ein prat om eg skulle trenge det og invitere oss med på større sosiale samankomstar, hjelpe oss inn i det sosiale studentlivet, seier ho.

– Fadrane gir oss mange gode tips om korleis vi kan ta fatt på studielivet, både fagleg og sosialt, og det er fint om dei også sjekkar opp at vi følger tipsa deira, seier Skautvedt.

Spent ung kvinne, ny student. Foto.
– No er eg klar til å lære, ikkje minst lære å lære bort, seier Caysa Eline Skautvedt, som har føler seg sterkt knytt til medstudentane i faddergruppa si allereie. Foto: Shane Colvin / UV

(Videoproduksjon: Shane Colvin/UiO)

– Ver sosiale!

Melanie Kirmess, prodedekan for studiar ved UV-fakultetet, fokuserte også på kor viktig dei sosiale nettverka er i sine talar til førsteårsstudentane.

– Om vi har lært noko av dei siste åra med pandemi, så er det kor viktig det sosiale nettverket vårt er. Difor: Bli kjent med kvarandre, bruk faddergrupper og kollokviegrupper aktivt, hels på medstudentar, kort sagt: ver sosiale! sa ho.

Kirmess er like glad som Pacheco-Lie for å ha studentlevenet attende på campus, og dei er ikkje åleine.

Studiedekan snakker til studenter. Foto.
– Treng vi spesialpedagogikk? Verkar det eigentlig? Ja, det verkar og det vil de høyre og lese om, men han krev eit godt, praksisnært og forskingsbasert grunnlag. Difor er vi ekstra glad for å ha fått pengar frå Forskingsrådet til å starte eit forskingssenter for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som starter opp no i haust, sa Melanie Kirmess, prodekan for studiar, til nye studentar. Foto: Shane Colvin / UV

Aktiviteten og studentengasjementet denne fadderveka er rekordhøg, skal vi tru Pacheco-Lie.

– Fakultetet tilbyr fleire aktivitetar som både er felles for alle og til studentar på kvart program. Studentforeiningane er særs viktig i denne planlegginga. Studentengasjementet er utruleg viktig for ein god studiestart og i år har aktivitetsnivået i foreiningane vore fantastisk! seier han.

– Er det dette som motiverte så mange til å ville bli fadder, trur du?

– Vi ser at studiestarten er den viktigaste arenaen for å bli kjent med medstudentar. Dei ein er i faddergruppe med, følger ein ofte gjennom heile studietida. Fleire av årets fadrar fortalte at dei ville bli fadder fordi dei opplevde å vere mykje aleine under pandemien. Kanskje var interessa ekstra høg fordi vi starta med fadderaktivitetar allereie i vår, med workshops, besøk ved institutta  og sommaravslutning, seier Pacheco-Lie.

– Alle har pedagogiske erfaringar

I år tek UV-fakultet imot 620 nye studentar til grunnstudia. Av dei nye studentane har 200 meld seg på bachelor i pedagogikk, 135 skal studere spesialpedagogikk og 285 har starta på det femårige lektorprogrammet. I tillegg kjem om lag 400 masterstudentar, 200 studentar i praktisk-pedagogisk utdanning og ca. 50 studentar i årseinheiter.

Ved UV skal dei lære å bli pedagogar i ulike variantar, men kva er eigentleg pedagogikk?

«Pedagogikk er nærverande i livet. Det handlar om korleis folk veks opp, lærer seg ting og endrar seg, av seg sjølv, i samspel med andre og med omgjevnadene.»

– Pedagogikk er nærverande i livet. Det handlar om korleis folk veks opp, lærer seg ting og endrar seg, av seg sjølv, i samspel med andre og med omgjevnadene. Alle har pedagogiske erfaringar, sa professor Tone Kvernbekk, leiar ved Institutt for pedagogikk, til studiestartarane under fadderveka.

– De skal på eit vis studere dykkar sjølve! sa ho og la til: – Vi som arbeider her på huset forskar også på desse tema, prøvar å finne ut meir om dei, tenke nytt og tenke om. Nokre studerer språklæring, andre korleis eleven arbeider best med tekster, nokre ser på bruk av digital teknologi i undervising, andre på danningsprosessar. Og nokre forskar på studentar.

Leande, nye studentar. Foto.
Foto: Shane Colvin / UV

 

Emneord: studiestart, fadderuke, fadderordningen Av Monica Bjermeland, kommunikasjonsrådgivar
Publisert 19. aug. 2021 11:35 - Sist endra 20. aug. 2021 17:18