Overtydd om morfemas magiske kraft

Portrett, Janne von Koss Torkildsen

Av Monica Bjermeland, foto: UiO/Shane Colvin

Morfem er som små nøklar til eit rikare ordforråd. Dei har eit enormt potensial for å betre språkforståinga og læringa vår, trur professor Janne von Koss Torkildsen.

Den syttande mai i 1978 sa ho sitt første ord: «flagg». Då var Janne von Koss Torkildsen åtte månader gamal. Sju månader seinare stilte ho eit spørsmål: «Trur du mamma søv?»

Kanskje ikkje så overraskande at ho i dag, 44 år gamal, er professor i språkvitskap og ekspert på korleis barn lærer språk.

Kor mange ord ho kunne då ho var tre år, kan verken Janne eller mor hennar svare på, men det vi veit, er at eit gjennomsnittleg barn på tre år har eit ordforråd på mellom seks og sju hundre ord.

– Dette er ord dei brukar, men dei kan forstå mange fleire, truleg fleire tusen, seier Janne.

Innstilt til å lære språk

Kva er det eigentleg som krevjast av oss i prosessen der vi lærer å snakke?

– Barn lærer implisitt, det vil seie utan å anstrenge seg spesifikt for det og utan å få instruksjon frå foreldra. Dei berre plukkar opp språk frå miljøet, fortel Janne.

– Ingen treng å fortelje eit barn at dei må setje ein t bak l-en i smile når dei skal lage fortidsvarianten. Slikt berre byrjar dei med i toårsalderen, heilt av seg sjølv. Kva «og» betyr, eller «ikkje», finn dei fort ut av sjølv.

Hjernen vår er stilt inn på å plukke opp språk frå vi er fødd. Slikt fascinerer Janne.

– Hjernen vår er kjempegod til å tolke mønster, både dei vi ser og dei vi høyrer, mykje betre enn ei datamaskin, til dømes. Datamaskina er god til å følgje reglar, men ikkje så god til å plukke opp kva som ligg mellom linjene. Ho har ikkje verdskunnskap til det. Tenk på kor lite slingringsmonn du har når du skal bruke taleattkjenning for å bestille ein togbillett, til dømes.

Professoren illustrerer poenget vidare ved å vise til at ei setning ikkje alltid er ein enkel funksjon av logikk. «Barna sov» betyr at alle barna sov, noko som er grei skuring både for eit menneske og ein robot. Men kva med den tilsynelatande like enkle setninga «Romarane bygde denne brua»?

– Dette skaper hovudbry for ein robot, for setninga betyr ikkje, som vi menneske veit, at alle romarane bygde brua, men at nokre romarar bygde ho.

– Hjernen vår er kjempegod til å tolke mønster, både dei vi ser og dei vi høyrer.

Å vere robot kan vere både krevjande og forvirrande, også dei som no om dagen får kompetanse og tillit til å lære av seg sjølve. Men vi skal snart forlate robotane slik også Janne forlèt sine, og heller fokusere på menneskeleg kommunikasjon og på kvar interessa hennar for språk kom frå, ho som er dobbelt juristdotter og -dotterdotter.

– Eg elska framandspråk på skulen og tok flest mogleg språk, lengst mogleg, fortel ho.

Målet var ein jobb i FN og ei meir rettvis verd, men undervegs i grunnfaget i statsvitskap, som ho tenkte å kople med spansk, kom ho over eit tverrfagleg fag på Humanistisk fakultet som heitte «Språk, logikk og informasjon» – eit fagmiljø som i dag finst på Institutt for informatikk.

Då ho såg dette, var ho seld.

Språket som relasjonsbyggar

– Og med det same eg var i gong, visste eg at dette vil eg halde fram med så lenge som mogleg. Brått forstod eg at i staden for å studere enkeltspråk, kunne eg sjå på språkevna vår i si alminnelegheit. Her studerte vi medvitsfilosofi, språkfilosofi, logikk, programmering og mykje lingvistikk!

Faget handla om evna til å tenke, kognisjon, både hos oss menneske og hos maskiner.

Det blei både hovudfag og seinare doktorgrad på Janne innanfor feltet, men ein stad i hovudfaget dreia interessa vekk frå maskiner, programmering og logikk og mot menneske, særleg individuelle forskjellar mellom menneske og deira utvikling.            

For Janne er det nettopp språkets funksjon som eit bindeledd mellom det kognitive og det sosiale som tiltrekkjer.

– Tenk på kor alvorleg det er for eit menneske å ikkje utvikle språk som forventa eller kan hende miste språket etter hjerneslag, å få svekka bindeleddet til andre. Korleis har vi det når evna vår til å fortelje andre kva vi tenker og korleis vi har det blir redusert?

Forteljingar er ein måte å skape relasjonar til andre menneske og seg sjølv på. Sjølv knekte Janne lesekoden i femårsalderen og elskar framleis å lese. Ho har alltid ein roman og ei populærvitskapleg bok gåande samstundes.

Forteljingar rører oss

Kva meiner språkvitaren forteljingar kan gjere for oss menneske?

– Dei rører og motiverer oss på ein annan måte enn andre formar for kommunikasjon. Ta faktabøker om klima, til dømes. Når eg les sakprosa om tematikken, får eg servert mange fakta utan at eg klarer å ta inn informasjonen med heile meg, og neste dag har eg gløymt kva eg las.

– Men her ein dag las eg om ein bonde som hadde mista heile livsgrunnlaget sitt på grunn av klimaendringar. Dei måtte flytte. Dei visste ikkje kva dei skulle gjere. Dei hadde ikkje pengar til mat. Den historia blir verande på ein annan måte enn om eg les fakta, illustrerer ho.

– Tenk på kor alvorleg det er for eit menneske å ikkje utvikle språk som forventa eller miste språket.

Janne snakker med intervjueren, som skimtes med ryggen til.

Janne meiner historier har ein privilegert kognitiv status. Ei historie har ein struktur som liknar måten vi lever livet vårt på, ein som tek omsyn til årsak og verknad og som samstundes let oss vere deltakar.

– Det er mykje lesaren sjølv bringer med seg inn i ei bok – den totale opplevinga av lese ei forteljing vert slik ei rik simulering som rører og motiverer oss og som hjelper oss å hugse. Spesialpedagogikken burde bruke denne privilegerte posisjonen til historia endå meir, seier ho.

– Dei små slutningane vi må trekkje undervegs i ei historie, gjer også at lesaren skaper koplingar mellom element i hjernen som gjer at vi hugsar betre. Vi likar det! Vi likar å dikte med, seier ho.

Og vi er som nemnd gode på å dekode og nyttiggjere oss mønster, morfologiske mønster til dømes.

Aukar ordforrådet – også for ord som ikkje er trena

Morfologi handlar om dei minste meiningsberande delane i ord, som «sam» i samarbeide, «ven» i venskap og «te» i smilte. Morfem betyr altså noko i og for seg sjølv og dei går att i veldig mange ord og har eit enormt potensial for å auke ordforrådet vårt.

– Å lære seg vanlege morfem i norsk gir barn nøkkelen til veldig mange andre ord, fortel professoren før ho forklarar kvifor det er viktig å bygge eit godt ordforråd.

Når barn byrjar på skulen, er det store forskjellar i ordforrådet deira, og dette gapet held fram gjennom heile skuleløpet. Dei første åra skaper ikkje dette så store problem for barns læring, for då handlar det mest om avkoding, altså om å lære seg å kople lydar til bokstavar.

– Men etter kvart som dei vert eldre, skaper ordforrådsgapet forskjellar vi ikkje ynsker. Kring tiårsalderen les barna i større grad for å lære, tekstane vert meir avanserte, og då blir leseforståinga og dermed læringa meir avhengig av ordforrådet og andre språkferdigheiter, seier Janne.

Vi snakkar med eit tempo på 150 ord i minuttet, det går kjempefort, fleire ord per sekund!

ipad
Elevane som arbeidde med Kaptein Morf utvida ordforrådet sitt. 

Dette er årsaka til at ho lagde ordforrådstiltaket «Kaptein Morf» saman med eit mangfald kollegaer, ein app for andreklassingar til bruk i vanlege klasserom.

Appen, som er med på å førebu barna på dei vanskelegare tekstane dei vil møte etter kvart, er no testa ut i på over 700 norske andreklassingar. Elevane som arbeidde med Kaptein Morf utvida ordforrådet sitt, både med orda dei møtte i appen og med ord som ikkje var brukt i appen, men som inneheldt morfem derfrå.

Det siste var forskarane spesielt glade for. Då dei kartla elevane igjen på tredje trinn var effektane framleis der. «Kaptein Morf» er open, gratis, og vert i dag brukt av pedagogar rundt om i heile landet.

– Eit digitalt tiltak som «Kaptein Morf» er eit bra tilskot til ordforrådslæring, men også det fysiske møtet og dialogen mellom lærar og elev er viktig, understrekar ho.

 

Tjuefire variasjonar må til

Å lære seg å lære samstundes som ein lærer seg eit spesifikt innhald, det forskarane kallar meirverdieffekt, er vanskeleg å bake inn i eit spesialpedagogisk tiltak. Morfologi kan altså hjelpe, som Janne og kollegaene hennar har vist, men berre dersom det blir gjort riktig.

Forsking viser at morfemkunnskapen må automatiserast for å ha ein effekt. Om eit barn skal kunne bruke han i ein samtale eller i lesing, må barnet gjere meir enn å forstå morfema etter instruksjon. Barnet må få kunnskapen så godt under huda at hen kan ta den i bruk også under tidspress.

– Og tidspress har vi alltid når vi snakkar med nokon. Vi snakkar med eit tempo på 150 ord i minuttet, det går kjempefort, fleire ord per sekund! seier Janne.

Appen er difor designa slik at elevane får nok variasjon til å sjå mønster framfor enkeltelement og til å automatisere desse mønstra. Målet er generalisering, ikkje memorisering, og at effekten varer.

– Vi fann at tre-fire døme ikkje er nok; barna må få 24 variasjonar av eit morfem for at dei skal lære seg å lage nye koplingar av det på eiga hand.

Morfologiprosjektet Kaptein Morf blei finansiert av Noregs forskingsråd over fem år og er nyleg avslutta. I haust byrja utviklinga av ein svensk versjon, finansiert av svenske Vetenskapsrådet. Janne von Koss Torkildsen leia det norske arbeidet og er samarbeidspartnar i det svenske.

Prosjektet koplar den kognitive vitskapen med utdanningsvitskap. Korleis kan desse felta informere og utfylle kvarandre?

– Her ligg det eit kjempepotensial for å finne ut meir om korleis vi lærer! Dette er noko av det eg er mest opptatt av. Vi treng fleire eksperimentelle studiar frå dei kognitive felta, men vi må også teste ut kunnskapen i klasseromma der utdanningsvitskapen rådar, meiner Janne.

– Det er først då vi får svar på om eit tiltak har ein varig effekt og om ein liten variasjon i tiltaket kan gje eleven meir eller mindre utbytte. Vekselverknaden mellom dei to vitskapane har potensial til å føre til betre undervisingsprogram og betre tiltak for barn som strevar, slår ho fast.

Usynlege språkforstyrringar

Då vi snakkar med professoren, har ho forskingstermin eit semester som ein del av karriereprogrammet ho deltek i ved Det utdanningsvitskaplege fakultet. I 2017 var ho ein av fem unge forskarar som blei tatt opp i programmet. Her lærer ho å bli ein endå betre forskar og forskingsdesignar.

Som ein del av programmet, får deltakarane be om ein mentor eller to, nokon som har fått forskingsmiddel frå EUs forskingsråd. Janne spurte Hedvig Nordeng frå Farmasøytisk institutt.

– Hedvig har vore veldig sjenerøs og har gitt meg mange råd om korleis eg kan legge opp prosessen med ein slik søknad. Etter kvart har ho også invitert meg til å vere med på å utvikle nye, tverrfaglege forskingsprosjekt, blant anna innanfor livsvitskap, fortel Janne.

Språkvitaren har allereie rukke å forska i 18 år. Kva ser ho for seg å finne ut meir om framover?

– Eg håpar at eg om nokre år veit endå meir om korleis vi kan legge til rette for god språklæring hos barn og vaksne, særleg barn som strevar med å tileigne seg språk.

Ho ynsker seg dessutan meir fokus på kvalitet i akademia, både med tanke på gode forskingsdesign, men også openheit og reproduserbarheit, eit nikk til sitt akademiske idol Dorothy Bishop, professor i psykologi ved Universitetet i Oxford.

– Bishop har sett fokus på utviklingsmessige språkforstyrringar som fem til ti prosent av alle barn har, men som framleis få veit om.

Omgrepet vert brukt om barn som har vedvarande problem med språket utover fire-fem års alder, kor problema har ein stor innverknad på mulegheiter til utdanning, deltaking i yrkeslivet og samfunnslivet elles og kor problema ikkje er assosiert med ein påvist biomedisinsk tilstand. Dette er på mange vis usynlege språkforstyrringar.

– Har du høyrd om utviklingsmessige språkforstyrringar, kanskje?

Tre om Janne

Dr. Siri Steffensen Brattlie, Jannes stipendiat dei siste fem åra Janne er eksepsjonelt pliktoppfyllande, ryddig og effektiv. Som prosjektleiar har ho vore svært dyktig til å skape samhald i gruppa, blant anna ved å arrangere små og store seminar og øve-presentasjonar. Ho ser potensialet i folk ikring seg og pushar oss juniorar til å prøve ting vi ikkje har gjort før. Janne har ein eigen evne til å sjå dei minste detaljane utan å miste dei overordna perspektiva.
Professor emeritus Bente Hagtvet, samarbeidspartnar Janne er ein sjeldan kombinasjon av faglege ambisjonar, venlegheit og omtanke for andre. Ho er ein svært dyktig, kunnskapsrik, systematisk og uthaldande forskar. Samstundes hugsar ho på kollegaers bursdagar og tar initiativ til sosiale hyggestundar i forskargruppa (der ho gjerne bidrar med heimelaga kaker). Janne er sunn og sporty: ho prioriterer å få nok søvn og mosjon.
Professor Ona Bø Wie, leiar ved Institutt for spesialpedagogikk Janne er ein sterk, engasjert og kvalitetsmedviten fagperson med ei spesielt god evne til grundigheit, struktur og formidling i all si forskingsverksemd. Ho viser høg respekt – og blir høgt respektert – i møte med forskarar og studentar i eige og andre sine forskingsfelt. Janne er tverrfagleg interessert og er ettertrakta som rettleiar og leiar.
UiO-kunstverk sett nedenfor, mot blå himmel med hvite godværsskyer

Karriereløpsprogrammet 

Det utdanningsvitskaplege fakultet starta opp eit karriereprogram for fem utvalde forskarar i 2017. Desse er blant fakultetets mest framifrå forskarar, og alle er i ein fase av karrieren kor dei er i ferd med å bygge opp eigne forskargrupper.

Målet med programmet er at kandidatane skal bygge karriera si slik at dei er i best muleg posisjon til å nå opp i konkurransen om prestisjetunge forskingsmiddel frå blant anna Det europeiske forskingsrådet, ERC.

ERC European Research Council støttar forsking som er rein og styrt av nyfikne – altså grunnforsking, forsking som ikkje er resultatavhengig. Deltakarane i programmet får inntil to sjølvalde mentorar. Programmet varer i fem år.

Meir om karrieløpsprogrammet

Janne von Koss Torkildsen 

Fødd: 1977
Stilling: Professor ved Institutt for spesialpedagogikk 
Aktuell med: Deltek i UVs karriereløpsprogram
Forsking, hovudfelt:

  • Språkutvikling hos barn
  • Det kognitive grunnlaget for språklæring hos barn, særleg evna til implisitt læring
  • Språktiltak for barn (språkappen Kaptein Morf)
  • Utviklingsmessige språkforstyrringar
  • Historieforteljing
  • Kognitiv nevrovitskap (elektrofysiologi)

Akademiske idol: 

  • Dorothy Bishop
  • Richard Dawkins