Fakultetets historie

Det utdanningsvitskaplege fakultetet (UV) blei etablert 1. januar 1996 og består i dag av tre institutt og eitt senter.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Det utdanningsvitskaplege fakultet blei etablert med formål om å styrkje fokuset på utdanningsvitskapen ved Universitetet i oslo. I dag er UV blitt eit av dei største utdanningsvitskaplege forskingsmiljøa i Europa og det leiande tverrfaglege utdannings- og forskingsmiljøet i landet. Fakultetet har dermed eit nasjonalt ansvar for å forvalte ei stor fagleg breidd.

Institutt for pedagogikk

Pedagogisk forskingsinstitutt, grunnlagt i 1938 med Helga Eng som første professor i faget, er det eldste i sitt slag i Noreg og kom til det nye fakultetet frå ei fortid som institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Verksemda ved instituttet byggjer på tradisjonar frå både samfunnsvitskap og humaniora, med ei allmennpedagogisk og profesjonsretta innretning.

Institutt for lærarutdanning og skoleforsking

Institutt for lærerutdanning og skoleforskning har røter tilbake til etableringa av Pedagogisk seminar i 1907. Dåverande Senter for lærarutdanning og skoleteneste blei ein del av Universitetet i Oslo i 1988 og ein del av UV-fakultetet i 1996. Den opphavlege lærarutdannande hovudverksemda til Pedagogisk seminar er i dag utvida med internasjonal komparativ forsking og nye studieretningar innanfor blant anna skuleleiing.

Institutt for spesialpedagogikk

Institutt for spesialpedagogikk blei etablert som ein sjølvstendig lærarskule i 1961 under namnet Statens spesiallærarhøgskole. Spesialpedagogikk handlar om å integrere perspektiv knytte til opplæring og utvikling for menneske som på ein eller annan måte har vanskar med å dra nytte av vanlege opplærings- og oppvekstrammer. I 1990 blei utdanninga knytt til Universitetet i Oslo som ei sjølvstendig eining, før ho blei ein del av Det utdanningsvitskaplege fakultet i 1996.

Centre for Educational Measurement (CEMO)

Centre for Educational Measurement blei etablert i 2012 som ei eining for psykometrisk forsking. Senteret skal bidra til ei nasjonal kompetanseutvikling i pedagogiske målingar gjennom utdanning, forsking, formidling og rådgjeving.

 

Emneord: utdanningsvitenskap, historie
Publisert 24. sep. 2010 12:36 - Sist endra 29. okt. 2021 16:16