Styrker koplinga mellom praksisskolen og campus

Opptaks-appen VIVA skal med nye midlar bli betre integrert med læringsplattforma Canvas. Målet er å gjere det enklare for studentar å knyte kunnskap og erfaringar fra praksis til læringsprosessane på campus

Personer med mobiltelefon

Digital Integrering av Videovurdering på ulike Arenaer (DIVA)-prosjektet er tildelt midlar for å vidareutvikle både koplinga til Canvas og digital oppfølging av lærarstudentar i praksis (foto: Unsplash.com).

– Midlane skal nyttast til å utvikle eit nytt og innovativ læringsdesign for undervisninga i naturfagsdidaktikk, fortel prosjektleiar og førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS), Torunn Aanesland Strømme.

VIVA-prosjektet har utvikla ein opptaks-applikasjon (VIVA - Visual Vocal Application), som gjer det mogleg å sikre video- og lydopptak i samsvar med General Data Protection Regulation (GDPR). VIVA er ein del av Proted- senter for fremragende lærerutdanning.

Lærarstudentar kan nytte seg av VIVA-appen på mobiltelefonen til å gjere videoopptak av kvarandre si undervisning medan dei er i praksis.

I grunngivinga for tildelinga trekk komiteen fram at VIVA-prosjektet er innovativt og har overføringsverdi til andre fagmiljø.

Styrker personvernet

Læringsdesignet tar i bruk VIVA-appen og skal hjelpe studentane med å knytte saman det dei lærer i praksis med det dei lærar på universitetet. Midlane gjev oss òg  høve til å vidareutvikle teknologien i VIVA-appen. Appen skal no bli integrert med Canvas, og det vil bli utvikla eit annoterings- og redigeringsverktøy for VIVA-opptak i Canvas, fortel Strømme.

– Denne nye tekniske løysninga vil gjere det lettare å bruke VIVA-appen, og personvernet knytta til lagring og deling av opptak vil bli styrka, opplyser Strømme.

Strømme og kollegaer framhevar at dei med hjelp av den saumlause VIVA-Canvas-integrasjonen ønskjer å prøve ut eit nytt læringsdesign som tar utgangspunkt i studentane sine praksisvideoar. Ved hjelp av Canvas kan studentane dela videoar med kvarandre og med seminarleiar, og på den måten kan studentane sine erfaringar frå autentisk klasseromspraksis bli ein del av seminarundervisninga. VIVA vil dermed vere ein viktig reiskap i lærarstudentane si profesjonsutvikling.

Brei utprøving

VIVA-appen skal i 2020 og 2021 blir brukt på tvers av ei rekke ulike utdanningsprogram: lektorprogrammet, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), Teach First-programmet, rettleiarutdanninga, rektorutdanninga og masterprogrammet for utdanningsleiing.

Digital oppfylging

Lærarstudentar i praksis blir allereie fulgt opp av rettleier digitalt gjennom det som kallast digitalt praksispåhør (DIPP), der studentane sender inn eit videoopptak av undervisninga si og får tilbakemelding via video. Førebuing, plan for undervisninga og ressursar som skal inngå i undervisninga blir lasta opp i forkant av timen. No vil koplinga mellom digitalt praksispåhør og VIVA-appen bli endå sterkare, fortel Ketil Mathiassen, universitetslektor og leiar for arbeidet med digitalt praksispåhør:

– I prosjektet tek vi i bruk teknologi som kan heve kvaliteten i lærarutdanninga der undervisninga i praksis og på campus får ein meir jamgod plass for studentane.

VIVA og DIVA er begge prosjekt som høyrer under Proted, der nettopp innovasjon og vidareutvikling av lærarutdanninga er det fremste formålet. Samtidig vil løysingane vere interessante for andre utdanningar:

– Tildelinga er eit bevis på at det innovative arbeidet vi gjer med digital teknologi på lærarutdanninga er viktig. Vi håper òg at andre profesjonsutdanningar etterkvart vil ta i bruk VIVA-appen, avsluttar leiar for ProTed, professor Doris Jorde.

Emneord: VIVA, videoforskning, DIVA Av Magnus Heie, forskingsformidlar, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking
Publisert 7. mai 2020 16:33 - Sist endret 12. okt. 2020 13:39