5-timars videocaseeksamen

Eksamen del 2: 5-timars videocaseeksamen (PPU3210, PPU3510D, PROF3025)

Frå våren 2024

5-timars videocaseeksamen er ein individuell skriftleg eksamen som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk B. På eksamensdagen får du ein oppgåvetekst og eit videoklipp som viser ein eller fleire typiske situasjonar frå skulen. I eksamenssvaret skal du observere og diskutere klippet med ugangspunkt i oppgåva. Videoklippet er ikkje nødvendigvis frå ditt eige fag, men vil ha overføringsverdi til faget ditt. 

Videocaseeksamen varer i 5 timar og skal gjennomførast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon under "Eksamen i Inspera" på semestersida. Du må logge deg på Inspera seinast 30 minutt før eksamen byrjar, for å vere sikker på at alt fungerer som det skal.

Formalia

Omfanget av svaret vel du sjølv. Vis til pensumlitteratur undervegs i svaret. Du treng ikkje å bruke tid på å lage ei avsluttande referanseliste. Du treng heller ikkje å fylgje eit særskilt referansesystem.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtte vere basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil ein total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

Karakter/
UiO-beskriving

Observasjon og stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk og struktur

A Framifrå

  • Framifrå prestasjon som klart utmerker seg.
  • Kandidaten syner svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
  • Kandidaten svarer på oppgåva på ein svært god og nyansert måte med svært stor relevans for fagdidaktikk B.  
  • Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er svært relevant for oppgåva, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.
  • Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle praksiseksempel.
  • Språket er svært presist og sjølvstendig.
  • Teksten er godt strukturert.

B Mykje god

  • Mykje god prestasjon.
  • Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
  • Kandidaten svarer på oppgåva på ein mykje god og nyansert måte med stor relevans for fagdidaktikk B. 
  • Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er klart relevant for oppgåva, og kandidaten viser svært god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.
  • Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle praksiseksempel.
  • Språket er presist og sjølvstendig.

  • Teksten er godt strukturert.

C God

  • God prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område.
  • Kandidaten syner  god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
  • Kandidaten svarer på oppgåva på ein god og noko nyansert måte med stor relevans for fagdidaktikk B.
  • Tilfanget

    av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er relevant for oppgåva.

  • Kandidaten viser kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen utan klare manglar.

  • Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig.
  • Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og diskuterer teori og eventuelle praksiseksempel med noko nyansering og kritisk refleksjon.
  • Språket er jamt over godt og sjølvstendig.
  • Teksten er strukturert.

D Nokså god

  • Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.
  • Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
  • Kandidaten svarer på oppgåva med ein viss relevans for fagdidaktikk B. 
  • Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel har ein viss relevans for oppgåva.

  • Kandidaten viser ein rimeleg grad av kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

  • Eksamenssvaret er prega av ein viss argumentasjon, men verkar i nokon grad som meiningsytringar.
  • Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle praksiseksempel vert presenterte og diskuterte, men på ein tidvis lite nyansert og kritisk måte.
  • Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av ein viss mangel på faguttrykk.

  • Teksten har ein viss struktur.

E Tilstrekkeleg

  • Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.
  • Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
  • Kandidaten sitt svar på oppgåva er lite relevant for fagdidaktikk B.
  • Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel har noko relevans, men kan til tider vere perifert og tilfeldig.
  • Kandidaten viser noko kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.
  • Eksamenssvaret er prega av tilløp til argumentasjon, men framstår i stor grad som meiningsytringar.
  • Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori og eventuelle praksiseksempel vert presenterte og diskuterte, men på ein lite nyansert og kritisk måte.
  • Eksamenssvaret er i hovudsak forståeleg, men språket er usjølvstendig eller noko prega av uklarleikar.
  • Mangel på faguttrykk er framtredande.
  • Teksten har svak struktur.

F Ikkje greidd

  • Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava.
  • Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og manglande sjølvstende.
  • Kandidaten si beskriving av videoklippet har liten eller ingen relevans for fagdidaktikk B og oppgåva.
  • Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er anten fråverande eller tilfeldig og utan relevans.
  • Kandidaten syner ingen kjennskap til eller forståing av pensumlitteraturen.
  • Eksamenssvaret er prega av usamanhengande argument som framstår som meiningsytringar.
  • Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengen mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
  • Teori er i stor grad fråverande.
  • Eksamenssvaret er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande.
  • Mangel på faguttrykk er framtredande.
  • Teksten har svak eller ingen struktur.
Publisert 23. nov. 2023 15:43 - Sist endret 15. apr. 2024 10:07